«Bruk intuisjonen og fantasien» – ein analyse av kropps- og kunnskapssynet i Aadel Bülow- Hansen si fagutøving og norsk psykomotorisk fysioterapi

Vitenskapelig artikkel i Fysioterapeuten 3/2020. 

Ingvild Teigen, privatpraktiserende fysioterapeut. MSc. og spesialist innen psykomotorisk fysioterapi (MNFF). ingvildteigen@hotmail.com

Britt-Vigdis Ekeli, pensjonert førsteamanuensis. Ph.d., humanoria og samfunnsfag.

Randi Sviland, privatpraktiserende fysioterapeut. Spesialist innen psykomotorisk fysioterapi (MNFF). Ph.d. og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 6. februar 2020. Studien artikkelen baseres på er godkjent av Norsk senter for forskningsdata (NSD). Ingen interessekonflikter oppgitt.   

Sammendrag

Bakgrunn: Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) har blitt kritisert for manglande vitskapeleg dokumentasjon. Kritikken kan sjåast på bakgrunn av det evidensbaserte kunnskapsparadigmet. Grunnleggjar av fagtradisjonen, Aadel Bülow-Hansen, oppmoda til bruk av intuisjon og fantasi, som kan synast kvasivitskapeleg i det rådande kunnskapsparadigmet. Føremålet med denne studien er å belysa og drøfta det implisitte kropps- og kunnskapssynet i tradisjonen gjennom å sjå nærare på hennar praksis og fagmiljøet si vidareføring av den.

Metode: Kvalitativ tilnærming med opne intervju av tre ulike nestorar som kommenterer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid.

Funn: Artikkelen presenterer funna i to tema: 1. Sansing og bevegelse i kommunikasjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Informantane peika på eit tredimensjonalt syn på kroppen som biologi, erfarande og relasjonell, samt ein kunnskap som er kroppsleg og sanseleg fundamentert.

Konklusjon: NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, sanselege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Såleis let ikkje denne kunnskapen underordna seg kriteria for det som blir sett på som den beste kunnskapen i EBP-systemet. Heller representerer tradisjonen ei kompleks kunnskaps- og kroppsforståing, og speilar kompleksiteten og det særeigne ved lidingane kvar enkelt pasient treng hjelp med.

Nøkkelord: Norsk psykomotorisk fysioterapi, Aadel Bülow-Hansen, evidensbasert praksis, kroppssyn, kunnskapssyn.

Abstract

«Use your intuition and your fantasy» – an analysis of the view of body and knowledge in Aadel Bülow-Hansen’s practice and Norwegian Psychomotor Physiotherapy

Background: Norwegian Psychomotor Physiotherapy (NPMF) has been criticized for the lack of scientific documentation. The criticism can be seen against the background of evidence-based practice (EBP). The founder of the tradition, Aadel Bülow-Hansen, encouraged her students to use their intuition and fantasy in clinical practice, which may be regarded contradictory to the perspective of scientific knowledge in EBP. The aim of this study is to illuminate and discuss the implicit view of body and knowledge in her practice and the professional community`s continuation of it.

Method: A qualitative approach with open interview of three different nestors who comment what they see in one and the same video of Bülow-Hansen in clinical work.

Results: The results are presented in two themes: 1. Sensing in communication and interaction. 2. Clinical competence and reasoning. The informants pointed out a view of the body as three dimensional, as biology, experience and relational, and that the expertise is based on a sensuous and bodily knowledge.

Conclusion: NPMF is based on a view of the body and of knowledge, where bodily and sensuously based knowledge are integrated with theoretical and technical knowledge. This knowledge cannot be subordinated to criteria for what is considered to be the best knowledge in the EBP system. Rather, the tradition represents a complex understanding of body knowledge, and reflects the complexity and peculiarity of the sufferings each individual patient needs help with.

Keywords: Norwegian Psychomotor Physiotherapist, Aadel Bülow-Hansen, evidence-based practice, view of body, view of knowledge.

Read the full-text article in Fysioterapeuten eblad (Open Access)

Powered by Labrador CMS