Erfaringer fra Sterk og stødig belyses i denne artikkelen.In-Press Photography, Publisert etter lisensen Creative Commons - CC0 1.0 Universal (CC0 1.0),
Fysioterapeutar sine erfaringar med Sterk og stødig for heimebuande eldre – ein kvalitativ studie
Ane Brekke, BSc. fysioterapeutkandidat, Høgskulen
på Vestlandet og Steinkjer kommune.
Bård Erik Bogen,
fysioterapeut, PhD. Førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet.
Ingebjørg
Kyrdalen, fysioterapeut, PhD.-stipendiat og fagkonsulent Nasjonalt senter for
aldring og helse.
Lill Anette Juvik, PhD.-stipendiat
og høgskulelektor, RN, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet.
lill.anette.juvik@helse-forde.no. (Korresponderende forfatter).
Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 5.november 2024. Ingen interessekonflikter oppgitt. Kyrdalen er tilsett i Nasjonal senter for
aldring og helse, som har fagleg ansvar for Sterk og stødig. Kyrdalen har
bidrege med ide og utforming og kritisk revisjon av innhald.
Samandrag
Hensikt: Å undersøkje fysioterapeutar
sine erfaringar med å rekruttere, lære opp og rettleie frivillige instruktørar
som skal ha ansvar for å leie Sterk og stødig-treningsgrupper som ein del av
kommunen sitt fallførebyggande tilbod til heimebuande eldre.
Metode: Fire
individuelle djupneintervju med fysioterapeutar tilsett i ulike kommunar vart
analysert med systematisk tekstkondensering.
Funn: Fem
tema vart funne: (1) Ei naturleg rolle som skapar variasjon i arbeidskvardagen,
(2) Rekruttering – ei ny rolle, (3) Frivillige som brubyggjarar for
kunnskapsformidling, (4) Kontinuerleg rettleiing for å sikre riktig dosering og
(5) Sterk og stødig for målgruppa?
Studien syner at opplærings- og rettleiingsrolla i
Sterk og stødig vart opplevd som naturleg, og prega av tryggheit, kompetanse og
ei positiv haldning til å arbeide førebyggande med målgruppa. Frivillige
instruktørar fungerte som kunnskapsformidlarar om trening og fallførebygging
til gruppedeltakarane. Å rekruttere eigna frivillige instruktørar var
essensielt for både treningseffekt og drift av tilbodet, men var også
ressurskrevjande for fysioterapeutane. Synet på å inkludere deltakarar utanfor
målgruppa varierte.
Konklusjon:
Fysioterapeutane opplever at arbeidsoppgåver knytt til Sterk og stødig
integrerast naturleg inn i eiga rolle. Trass krevjande rekrutteringsarbeid,
vert samarbeidet med frivillige gruppeinstruktørar ein viktig ressurs i det
fallførebyggande arbeidet. Å finne gode løysingar knytte til
rekrutteringsarbeid er sentralt.
Nøkkelord:
Fysioterapi, fallførebygging, Sterk og stødig.
Abstract
Physiotherapists' Experiences with “Sterk og Stødig” for
Home-Dwelling Older Adults – A Qualitative Study
Aim: To explore physiotherapists' experiences with
recruiting, training, and supervising volunteer instructors responsible for
leading Sterk og stødig (English: Strong and Steady) exercise groups as part of
the municipality's fall prevention services for home-dwelling older adults.
Method: Four
individual in-depth interviews with physiotherapists employed across various
municipalities were analysed using systematic text condensation.
Findings: Five
themes were identified: (1) A natural role that provides variety in the
workday, (2) Recruitment – a new role, (3) Volunteers as bridges for knowledge
sharing, (4) Continuous supervision to ensure correct exercise dosage, and (5)
Strong and Steady for the target group?
The study shows that the training and supervisory
roles in Strong and Steady were perceived as natural, characterised by
confidence, competence, and a positive attitude towards preventive work with
the target group. Volunteer instructors served as knowledge facilitators on
exercise and fall prevention for group participants. Recruiting suitable volunteer instructors
was essential for both training effectiveness and program continuity but was
also resource-intensive for the physiotherapists. There were differing views on including group participants outside the
target group.
Conclusion:
Physiotherapists find that tasks related to the Strong and Steady program align
well with their professional roles. Despite the resource-intensive nature of
recruitment, collaboration with volunteer group instructors serves as a
valuable resource in fall prevention efforts. Identifying appropriate solutions
related to recruitment work is essential.
Keywords: Physiotherapy, fall prevention,
Strong and Steady.
Kort sagt
- Det er behov for
kontinuerleg rettleiing for å sikre kvalitet på treninga.
- Dei frivillige kan
indirekte bidra til å auke helsekompetanse hjå deltakarane.
- Løysingar for å
rekruttere eigna frivillige er ein føresetnad for berekraft.
Innleiing
Samstundes med at det vert fleire eldre i
befolkninga fører nedgang i fødselstala til færre arbeidstakarar som kan
ivareta framtidas helsetenester [1]. Frivillig innsats kan spele ei viktig rolle for å møte behova som
følgje av endra demografi i Noreg, særleg i lys av reformer som Leve heile livet
og Bu trygt heime, der tiltak for å styrke eldrehelse og fremje aktiv aldring er
sentrale [1, 2]. Nasjonale faglege råd for fallforebygging vektlegg styrke- og
balansetrening for heimebuande eldre som eit viktig strategisk tiltak [3], og fysioterapeutar spelar ei nøkkelrolle i å førebyggje
funksjonssvikt og fall hos heimebuande eldre [4].
Fleire treningsprogram
har vist seg effektive i å førebygge fall hos eldre [5, 6]. Sterk og stødig (S&s)
er eit treningsprogram som bygger på Otago Exercise Programme (OEP), eit av
programma med best evidens for førebygging av fall hos eldre [7]. I ein norsk studie har OEP
vist seg å vere meir effektiv i grupper enn som heimetrening [8]. S&s er eit
førebyggande gruppetreningstilbod som vert leia av frivillige instruktørar [9]. Målgruppa for
treningsgruppene er heimebuande eldre over 65 år som kjenner seg ustø eller har
begynnande funksjonssvikt [10]. Treningsgruppene møtast
ein gang i veka, med anbefalt eigentrening utanom [11]. Ein norsk studie viste
at deltakarane i gruppetilbodet S&s fekk betring i fysisk funksjon gjennom ein
12-vekers treningsperiode, utan skilnad i effekt mellom ein og to treningsøkter
per veke [12] .
Fysioterapeutar
tilsette i kommunale fysioterapitenester eller frisklivssentralar har ansvar
for opplæring og rettleiing av
frivillige instruktørar etter å ha gjennomført kurs for å bli S&s-rettleiarar.
Sertifiserte rettleiarar held instruktørkurs for frivillige ved å bruke kursopplegg
og materiell utvikla for S&s, og dei følger opp og rettleiar instruktørane regelmessig
etter oppstart [10]. S&s-rettleiar skal
observere treningsøktene minst ein gang kvart halvår og gje målretta rettleiing
til dei frivillige instruktørane. For å kvalitetssikre tilbodet og ivareta instruktørane,
vert det gjennomført instruktørsamlingar kvart halvår [10, 11].
S&s skal vere
forankra i kommunen si fysioterapiteneste eller frisklivssentral, og modellen har tydelege organisatoriske og faglege
funderte rammer for etablering og drift, som skal sikre at både instruktørar og
deltakarar vert ivaretekne. Faktorar som god organisering, tilstrekkeleg
opplæring og meiningsfulle arbeidsoppgåver med klåre definerte mål er vist å vere
tett knytt til frivillige medarbeidarar si tilfredsheit og motivasjon til å bli
i rolla over tid [13]. Rettleiarkurset skal
gjere fysioterapeutar i stand til å kurse og rettleie frivillige i eigen kommune,
noko som er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Til trass for auka fokus på frivilligheit i helse- og omsorgstenestene
i nasjonale føringar [1, 2, 14], finst
det lite empirisk forsking på korleis
fysioterapeutar opplever ei slik rolle som inneber både opplæringsansvar og kontinuerleg
rettleiingsansvar. I S&s er det fysioterapeuten som har den viktigaste
rolla i å legge til rette for dette. Derfor er det viktig å få innsikt i deira
erfaringar med denne rolla og arbeidsforma. I takt med den aukande
eldrebefolkninga vil det sannsynlegvis vere nødvendig med frivillig innsats i
helsetenesta framover for å kunne tilby eit tilstrekkeleg tilbod innan
fallførebygging.
Hensikta med denne studien var derfor å
undersøkje fysioterapeutar sine erfaringar med å rekruttere, lære opp og rettleie
frivillige instruktørar som skal ha sjølvstendig ansvar for å leie S&s-treningsgrupper
som del av kommunen sitt fallførebyggande tilbod til heimebuande eldre.
Metode
Studien har eit utforskande, induktivt,
kvalitativt design. Metoden byggjer på det fortolkande paradigmet, der
subjektivitet vert anerkjent og undersøkt med forskaren som eit sentralt
reiskap. Forfattarane har interesse for helsefremjande og førebyggande arbeid,
og to har erfaring med kvalitative forskingsmetodar.
Forskingskontekst og utval
Gjennom Nasjonalt senter for aldring og
helse fekk vi oversikt over aktive S&s-kommunar og materiellet som blir
nytta i opplæring og rettleiing. Førsteforfattaren deltok på opplæring som
S&s-rettleiar. Invitasjon vart sendt til utvalde kommunar basert på
storleik og pragmatiske omsyn til gjennomføring av intervju. Fire tilsette frå
ulike kommunar, med sertifisering som S&s-rettleiarar og som arbeidde etter
den reviderte modellen [9], vart rekrutterte: ein bykommune og tre distriktskommunar (Tabell 1). Alle
hadde ei sentral rolle som rettleiarar i S&s i eigen kommune og vert vidare
omtalt som informantar.
Datainnsamling
Fire semistrukturerte intervju vart
gjennomførte våren 2024. Intervjuguiden omfatta overordna tema som rolle,
opplæring, rettleiing og gjennomføring, samt forslag til oppfølgingsspørsmål.
Førsteforfattaren gjennomførte intervjua, som varte frå 40 til 60 minuttar. To
vart gjennomførte i eigna rom ved informantane sin arbeidsstad og to via
videotenesta Zoom. I intervjusituasjonen var det viktig å la informantane
fortelje om sine varierte erfaringar knytt til alle tema i intervjuguiden [15].
Analyse
Analysen vart utført av første- og sisteforfattar. Datamaterialet vart analysert ved hjelp av systematisk tekstkondensering, ein metode
som eignar seg for tematisk tverrgåande analyse av kvalitative data.
Analyseprosessen bestod av fire trinn [15]. Vi danna oss eit heilskapleg
inntrykk ved å lese gjennom heile det transkriberte materialet og identifisere
førebelse tema. Med desse førebelse tema som utgangspunkt vart kvart intervju
systematisk gjennomgått for å identifisere og kode tekstfragment som inneheldt
informasjon om forskingsspørsmålet. For kvar av kodegruppene vart det utvikla
eit kondensat som samanfatta innhaldet for alle meiningsberande einingar. Til
slutt beskreiv vi dei mest relevante sidene, fellestrekka og variasjonane i
materialet ved å samanfatte ein analytisk tekst, illustrert med sitat og
overskrifter som oppsummerte innhaldet i funnkategoriane.
Etiske vurderingar
Studien er godkjent av Sikt
personverntenester ved Høgskulen på Vestlandet (ref.nr.: 149051). Deltaking i
studien var frivillig og basert på skriftleg samtykke. Materialet er
anonymisert før publisering.
Funn
Fem funnkategoriar
vart utvikla gjennom analysen og representerer utvalde hovudfunn: (1) Ei naturleg rolle som skapar variasjon i arbeidskvardagen, (2)
Rekruttering – ei ny rolle, (3) Frivillige som brubyggjar for
kunnskapsformidling, (4) Kontinuerleg rettleiing for å sikre riktig dosering,
og (5) Sterk og stødig for målgruppa?
Ei naturleg rolle som skapar variasjon i
arbeidskvardagen
Informantane erfarte opplæring og
rettleiing av frivillige instruktørar som ein naturleg del av arbeidet, noko
som skapte ein variert arbeidsdag. Dei følgde S&s-modellen
med utarbeidd materiell og følte seg trygge i rolla når dei hadde ein
kvalitetssikra modell og faglege aktørar å støtte seg på.
Det er
utruleg godt å ha eit opplegg ein kan seie er forska på og dokumentert. At det
er ein grunn til at vi gjer akkurat desse øvingane. Det gjev ein tryggheit i
denne rolla å vite at dette blir gjort over heile landet. Det følast litt bra å
ha nokon i ryggen. (3)
Informantane erfarte at ei praktisk
tilnærming i opplæring og rettleiing gjorde frivillige instruktørar trygge på
øvingane og ga dei ei god forståing av føremålet. Ein informant hadde positive
erfaringar med å la dei frivillige hospitere på S&s-gruppetreningar
før dei sjølve leia eigne grupper.
Eg synst det er veldig relevant å rettleie ute i
gruppene, der dei faktisk er, i staden for at vi tek det inne på eit rom som er
heilt ute av situasjonen dei faktisk skal fungere i. (2)
Informantane var positive til at dei
gjennom frivillige kunne nå fleire innbyggjarar. Informanten frå bykommunen la
særleg vekt på at S&s ga eit tilbod til deltakarar som ikkje hadde hatt eit
passande tilbod tidlegare, medan informantane frå mindre bygder framheva at
eldre i lokalsamfunnet no fekk eit reelt tilbod. Alle opplevde dei frivillige
instruktørane som engasjerte og lærevillige.
Eg synst det
er veldig motiverande å lære opp og rettleie frivillige. Dei er veldig
takksame, synast det er spennande å lære noko nytt og er som regel veldig
motivert for jobben. Det er eit avbrekk i kvardagen min også. (4)
Informantane understreka at det var dei
som hadde det faglege ansvaret for gruppedeltakarane og treninga. Med
kompetanse frå fagutdanninga, eigen praksis og S&s-rettleiingskurset
opplevde dei seg kompetente og trygge i å lære opp og rettleie frivillige
instruktørar. Kompetansen frå opplæring og rettleiing av brukarar og pasientar
frå praksis kunne lett overførast, og alle var positive til den nye rolla deira
i S&s. Dei tilpassa rettleiinga til den enkelte
frivillige sitt kunnskapsnivå og erfarte at det kunne vere lett å overvurdere
deira kunnskap og erfaring med fysisk aktivitet.
Det er
veldig stor forskjell på dei [frivillige
instruktørar], om dei er
interessert og vande med trening eller om det er noko heilt nytt. Så ein må
ikkje ta for gitt at dei kan det vi trur dei kan. […] Det er viktig at det
gjerast enkelt, grundig og at ein er tolmodig. (3)
Informantane var
oppteken av å gje positive tilbakemeldingar og gje frivillige tid til å utvikle
seg til trygge og kompetente instruktørar.
Rekruttering – ei ny rolle
Informantane hadde ansvar for å rekruttere
eigna frivillige som instruktørar. Dei fokuserte på å avklare motivasjon og
forventningar og la vekt på personlege eigenskapar som engasjement, god
kommunikasjon og omsorg. Pensjonistar blei gjerne føretrekte framfor yngre. Det
var viktig at dei frivillige kunne følgje treningsprogrammet og forplikte seg
over lengre tid. Nokon meinte at erfaring med å leie grupper var ein fordel,
men ikkje nødvendig, så lenge dei frivillige hadde potensial til å bli trygge
instruktørar.
Så er det nokon som ikkje har
noko erfaring, men som er heilt glimrande instruktørar likevel på grunn av sin
personlegdom.
(2)
Personlege møter med frivillige før
kurstilbodet blei sett på som positive for å sikre nødvendige avklaringar.
Informantane opplevde det utfordrande å avvise ueigna frivillige, men såg det
som nødvendig for å unngå meirarbeid.
Vi må stå i det fordi det skaper
meir problem å få ein frivillig som ikkje er eigna, for då sitt vi igjen med
heile jobben sjølv. (4)
Informantane såg på seg sjølve som
koordinatorar og organisatorar i tillegg til opplærings- og rettleiingsrolla.
Dei var opptekne av å rekruttere jamleg for å sikre nok instruktørar og
fleksibilitet i gruppene.
Mi
rolle no er å alltid sørge for at vi har instruktørar på dei ulike gruppene vi
har i alle delar av kommunen, følgje dei opp med støtte og gje dei rettleiing
når dei treng det. Sørge for at dei har det dei treng, er motivert og føler seg
verdsett. (3)
Det var variasjon i rekrutteringsmetodane,
og prosessen kunne vere tidkrevjande og utfordrande, spesielt når det gjaldt å
oppretthalde og etablere gruppetilbod på ulike stader i distriktskommunar. Dei
nytta metodar som jungeltelegrafen og tok direkte kontakt med aktuelle
personar. I bykommunen hadde informanten positive erfaringar med å bruke den
fysiske marknadsplassen og samarbeid med organisasjonar, med eit bevisst fokus
på rekruttering i møte med menneske.
Det er dei som allereie er
frivillige instruktørar som kanskje har ein tanke om at ho eller han kan vere
aktuell. Så har det vore direkte kontakt med desse personane for å sjå om dei
egnar seg for rekruttering. (2)
Informantane
opplevde at dei kunne påverke frivillige instruktørar sin motivasjon ved å
skape meistringsarenaer og eit sosialt fellesskap, samt ved å vise respekt og
anerkjenne innsatsen til dei frivillige.
Frivillige som
brubyggjar for kunnskapsformidling
Informantane opplevde det som ei viktig
oppgåve å formidle kunnskap og auke helsekompetanse gjennom frivillige til
gruppedeltakarane. Ved å dele kunnskap og opparbeide forståing hjå frivillige,
erfarte dei at dei indirekte kunne overføre dette til deltakarane.
Berre det at dei [gruppedeltakarane] kjem seg første gong
på Sterk og stødig, gjer at dei får eit anna nettverk og aukar kunnskapen om
trening og helse.
(4)
Fleire informantar la vekt på å fremme
ansvar for eiga helse gjennom seniorlivet, spesielt ved å bygge kunnskap om
fallførebygging, trening og fysisk aktivitet, og påverke haldningar slik at
dette vart overført til gruppedeltakarane.
Det er mykje fokus på det med å
trene styrke og balanse for seniorar og instruktørane blir minna på å seie til
deltakarane at det ikkje er så farleg å bli støl og sliten dagen etter ei
treningsøkt. (3)
Informantane såg det som essensielt å
ufarleggjere trening for å sikre positive haldningar til trening i gruppene.
Kontinuerleg rettleiing for å sikre riktig dosering
Fleire informantar meinte at frivillige
instruktørar ofte underdoserte treninga for deltakarane. Dei var opptekne av å
sikre korrekt treningsdosering og erfarte at instruktørane trengte kontinuerleg
rettleiing og støtte. Dette blei gjort gjennom samtalar og repetisjon av
treningslære, både individuelt og i grupper på fagsamlingar for frivillige.
Det som ofte
går igjen er det med underdosering, at dei ikkje tør å pushe deltakarane hardt
nok fordi dei tenker at dei er eldre og skrøpelege. Så det å faktisk forklare
dei treningsprinsippa i forhold til for eksempel styrke, slik at instruktørane
vågar å stå stødig i at dei kan pushe og dosere i høgare grad enn kva dei
kanskje trur.
(1)
Ein informant meinte at frivillige
instruktørar burde underdosere treninga noko, og dermed ikkje maksimere
treningsutbyttet. Dette blei grunngjeve med at frivillige ikkje har den same
kompetansen og føresetnadene som fysioterapeutar når det gjeld å ivareta
tryggleik og sikre korrekt dosering.
Eg tenker at
dei ikkje skal maksimere utbyttet av den timen; det er det fysioterapeuten som
skal gjere. Det er meir ei generell innføring i styrke og balanse, der ein
sjølv kan progrediere balansen og styrken om ein kjenner for det. (4)
Informantane
forventa ikkje at frivillige skulle klare å leie treningsgrupper og samtidig
tilpasse progresjon til kvar enkelt deltakar. Dei meinte at deltakarane sjølve
måtte tilpasse øvingane til sitt funksjonsnivå ved å velje blant
progresjonsalternativa som instruktøren presenterte. Informantane frå distrikta
erfarte at fleire instruktørar tilpassa nivået på treninga til deltakarane med
lågast funksjonsnivå og understreka at det var viktig å støtte dei i å følgje
programmet.
Vi må ha ein tett dialog med dei frivillige instruktørane for å
kvalitetssikre det som skjer i gruppene. (1)
Alle hadde
positive erfaringar med samarbeid og dialog, og tett kontakt med dei frivillige
blei sett på som viktig for å sikre kvaliteten på treninga i gruppene.
Sterk og stødig
for målgruppa?
Det var forskjellar mellom sentrale og
distriktskommunar når det gjaldt erfaringar med å nå målgruppa. Informanten frå
bykommunen erfarte at alle deltakarane var i målgruppa og fokuserte på
seleksjon. I distrikta opplevde dei at dei fleste var i målgruppa, men at
gruppene også inkluderte deltakarar med både lågare og høgare funksjonsevne.
Ein del av
dei som er på trening er kanskje litt sprekare enn det som er målgruppa. I
andre tilfelle så er dette det einaste alternativet, så då er vi einig om at vi
heller har deltakaren på treningane. (3)
Informantane hadde ulike syn på om
gruppene var eigna for deltakarar utanfor målgruppa. I distrikta meinte dei at
målet var å nå den primære målgruppa, men dei var positive til å inkludere
andre dersom dei frivillige var fortrulege med det. Dei la vekt på det sosiale
aspektet og betydninga av tilhøyrsle til treningsgruppa for den enkelte. Nokre
erfarte at deltakarane kunne oppnå treningseffekt uansett.
Deltakarane
utfører det dei klarar eller oppnår så mykje progresjon i øvingane som dei har
moglegheit for. Ein viss treningseffekt vil dei uansett ha, visst alternativet
er at dei sitt på sofaen. (1)
Informanten frå bykommunen var oppteken av
S&s skulle nå målgruppa for å sikre at deltakarane eller brukarane fekk eit
behandlingstilbod tilpassa deira individuelle funksjonsnivå.
Diskusjon
Hensikta med denne studien var å utforske
fysioterapeutar sine erfaringar med rolla knytt til S&s. Funna viser at
informantane opplevde opplærings- og rettleiingsrolla som naturleg, prega av
tryggheit og kompetanse. Det var ei positiv haldning til å arbeide førebyggande
gjennom frivillige, som fungerte som kunnskapsformidlarar om trening og
fallførebygging til gruppedeltakarane. Rekruttering og motivasjon av frivillige
var viktige oppgåver som kravde innsats, og kontinuerleg rettleiing var nødvendig
for å sikre treningskvalitet og drift av tilbodet. Synet på å inkludere
deltakarar utanfor målgruppa varierte.
Rettleiing er framståande i
fysioterapirolla i primærhelsetenesta, og vert brukt som eit tiltak [16]. Tidlegare forsking har vist at fysioterapeutar ofte har avgrensa
erfaring med å rettleie andre i bruk av fysioterapikunnskap, noko som står i
kontrast til denne studien, der oppgåva vart utført med tryggleik og kompetanse
[17]. God fagkunnskap og handlingskompetanse, støtta av utvikla
materiell og instruktørkurs gjennom S&s, kan forklare dette. Sjølv om
informantane måtte bruke tid på kontinuerleg rettleiing for å sikre
treningskvaliteten, bidrog dette til at kunnskap og ferdigheiter om trening og
helse vart overførte til gruppedeltakarane, noko som kan styrke helsekompetansen
både i målgruppa og i befolkninga generelt [18]. Strukturert opplæring og kontinuerleg oppfølging av instruktørar
er nøkkelen til å sikre kvalitet [16]. Fysioterapeutar, som har betre føresetnadar enn ufaglærte
frivillige til å tilpasse øvingar for individuell effekt [19], kan nå fleire gjennom frivillige og likevel oppnå
tilfredsstillande effekt for den enkelte.
Fysioterapirolla er i utvikling. Dei
positive haldningane til førebyggande arbeid i samarbeid med frivillig sektor
reflekterer ei forståing av samfunnsmandatet hos informantane. Myndigheitene
gir ulike føringar og forventingar til fysioterapeutar, både som fagutøvarar og
som ein del av helsetenesta og profesjonen, for å sikre at oppgåvene i
velferdsstaten vert løyste på ein god måte [20]. Endringar i samfunnsbehov og kontekst skapar behov for ulike
tilnærmingar og tilpassingar i fysioterapi som profesjon [21]. Fysioterapeutar må brukast på nye måtar i møte med demografiske
endringar og strammare økonomiske rammer. Å utdanne instruktørar som kan vere
viktige bidragsytarar for målgruppa [21], føreset positive haldningar og vilje til å tilpasse seg nye
arbeidsformer, noko vi fann i denne studien. Fysioterapeutar sitt
samfunnsmandat vert kontinuerleg endra og tilpassa etter skiftande føringar og samfunnsforventingar
[22, 23].
Informantane opplevde at førebygging for
målgruppa gjennom frivillig innsats kan bidra til ei berekraftig helseteneste
og helsemessige gevinstar utover å førebyggje fall. Ein føresetnad var å
rekruttere eigna frivillige instruktørar. Utfordringar med rekruttering og
ressursbruk kan vere hinder for effektiv ressursutnytting [24]. Den aukande eldrebefolkninga og den endra alderssamansetninga
fører til større behov for helsetenester, inkludert fysioterapi [14]. Det er viktig å finne løysingar for rekruttering. Auka tverrsektorielt
samarbeid og større involvering av frivillig sektor i lokalsamfunnet kan bidra.
Frivilligheita har som visjon å vere innovatørar og aktive bidragsytarar i
folkehelse [25]. At fysioterapeutar tek rolla som rettleiar og koordinator for
frivillige og andre samarbeidspartnarar i kommunen, kan vere ei løysning for å
møte samfunnet sine behov [26]. Dei kan bidra til å oppnå best mogeleg helse for eldre i åra
framover ved å synleggjere kompetansen sin og være ein aktiv og førebyggande
aktør i eit tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid [27].
Implikasjon for praksis
Studien gjev innsikt i nokre
fysioterapeutar sine erfaringar som kan vere lærerike for fysioterapeutar og
andre med interesse for folkehelse, førebygging og tverrsektorielt samarbeid,
inkludert frivillige i S&s og frivillige organisasjonar. Ansvarlege for
helsetenester i kommunar som har eller vurderer å implementere S&s vil
kunne finne lærdom av studien.
Metodiske betraktningar
Ein styrke ved studien er at
datamaterialet var rikt og variert, og kasta lys over fleire aspekt ved
problemstillinga [15]. Djupneintervjua gav informantane høve til å fortelje
opent om korleis dei erfarte fleire sider ved eiga rolle, og kva betydning det
hadde for dei i eigen teneste. Under intervjua vart informantane oppmoda til å
dele eigne forteljingar og beskrive konkrete situasjonar dei hadde opplevd.
Utsegn vart følgde opp, og det vart spurt vidare om det fanst andre situasjonar
der dei hadde ulike opplevingar, noko som bidrog til å styrke validiteten [15]. Det vart nytta ein velutprøvd analysemetode som forfattarane har
erfaring med.
Informantane vart rekrutterte for å sikre
variasjon i kommunestorleik og ut frå pragmatiske omsyn til gjennomføring av
studien, noko som medfører ein viss usikkerheit knytt til utvalet. Sjølv om
datamaterialet var rikt, var talet på informantar relativt lågt, noko som
naturleg avgrensar studien. I tråd med kvalitativ forsking er ikkje hensikta å
generalisere [15], men funna kan ha overføringsverdi til andre fysioterapeutar
engasjerte i S&s. Vi meiner at funna våre
utvidar eksisterande kunnskap og gir nyttig innsikt i korleis
fysioterapeutrolla knytt til fallførebyggande arbeid gjennom S&s-modellen blir opplevd.
Konklusjon
Studien undersøkte fysioterapeutar sine
erfaringar med å rekruttere, lære opp og rettleie frivillige instruktørar som
leia Sterk og stødig-treningsgrupper.
Arbeidsoppgåver knytt til Sterk og stødig passar inn i
fysioterapeutane si rolle. Frivillige instruktørar vert sett på som ein nyttig
ressurs i fallførebyggande arbeid, trass ressurskrevjande rekrutteringsarbeid.
Å finne gode løysingar knytt til rekrutteringsarbeid er sentralt.
Referanseliste
1. Meld. St. 24 (2022-2023). Fellesskap
og meistring - Bu trygt heime.
5. Campbell AJ, Robertson MC, Gardner MM, et al. Randomised
controlled trial of a general practice programme of home based exercise to
prevent falls in elderly women. BMJ 2015; 315(7115): 1065-1069. DOI:https://doi.org/10.1136/bmj.315.7115.1065
6. Skelton D, Dinan S, Campbell M, et al. Tailored
group exercise (Falls Management Exercise - FaME) reduces falls in
community-dwelling older frequent fallers (an RCT). Age Ageing 2005; 34(6): 636-639. DOI:https://doi.org/10.1093/ageing/afi174
7. Yang Y, Wang K, Liu H, et al. The impact of Otago
exercise programme on the prevention of falls in older adult: A systematic
review. Front Public Health 2022; 10, 953593-953593. DOI:https://doi.org/10.3389/fpubh.2022.953593
8. Kyrdalen IL, Moen K, Røysland A, et al. The Otago
Exercise Program Performed as Group Training Versus Home Training in Fall-prone
Older People: A Randomized Controlled Trial. Physiother. Res. Int 2014; 19(2): 108-116. DOI:https://doi.org/10.1002/pri.1571
23. Gjersø HM. Profesjoner. I: Brodtkorb E, Rugkåsa M,
red. Mellom mennesker og samfunn: sosiologi for helse- og sosialprofesjonene.
3. Utg. Oslo: Gyldendal, 2019: 41-61