Ti bud om fagbokkritikk
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har utarbeidet ti bud om fagbokkritikk som kan være en nyttig veiledning for den som skal anmelde sakprosa:
1. Du skal skrive for lesaren. Det er den allment interesserte lesar du skriv for. Meldinga er ein tekst også for dei som ikkje er spesielt interessert i faget og ikkje kjem til å lese boka. La deg ikkje smitte av sjargong frå boka eller eige fag.
2. Du skal være aktuell. Det er viktig å aktualisere stoffet for å gjere det relevant for lesaren. Du skal vurdere det originale ved boka, men ikkje lese henne som nyhetsjournalist. Ein liten nyhet kan velte ein god kritikk.
3. Du skal vurdere boka. Det er bokas innhald som er tema for din kritikk, men også form, stil og komposisjon. Du skal vurdere om boka når sine faglige intensjonar og målgrupper.
4. Du skal vurdere sjangeren. Det er viktig å få fram kva slags sjanger boka er skriven i. Boka skal vurderast ut frå om forfattaren meistrar sjangeren og om sjangerbrot er vellykka.
5. Du skal vurdere forfattaren. Det er avgjerande om forfattaren maktar å føre lesaren inn i stoffet. Lesarene har også krav på å få vite om forfattaren sin synsvinkel og om forfattaren er uhilda eller går nokons ærend.
6. Du skal vurdere konteksten. Det er ein kritikars oppgave å peike på samanhengar – i forfattarskapet, og mellom den aktuelle boka og andre bøker om emnet. Boka skal også vurderast i høve til andre bøker i same sjanger.
7. Du skal kjenne dine grenser. Det er boka og ikkje faget du vurderer. Du må kjenne dine faglege grenser og akte deg når du sjøl er engasjert i fagdebatten. Før ikkje lesaren bak lyset.
8. Du skal ikkje polemisere. Det er forskjell på kritikk og polemikk. Ver kritisk vurderande, men la ikkje polemikken kvele kritikken. Bruk ikkje ein kritikk som påskot for å framheve eigne synspunkt på tema i boka.
9. Du skal ikkje skrive av vaskesetlar Det er dine vurderingar som skal prega kritikken – ikkje forlaget sine. Bruk ikkje lange innhaldsreferat og utvaska adjektiv. Unngå skamros og sårande formuleringar.
10. Du skal vise ansikt. Det er viktig med temperatur og personlig engasjement. Ver ikkje redd for å vise kvar du sjølv står, men unngå privat synsing. Du skal felle ein grunngitt dom over boka.