Personlig erfaring

Illustrasjonsfoto

Smerter og ubehag med kneprotese: Pasienterfaringar og ny forsking

Personlig erfaring

Anne-Grethe Naustdal, pasient. anne.naustdal@icloud.com.

Denne artikkelen ble akseptert 7.desember 2020. Personlige erfaringer vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt.

I juni 2020 vart eg ein av dei nær 8000 i Norge som årleg får utført kneproteseoperasjon (1). Eit halvt år etterpå kan eg framleis ikkje gå utan smerter og sterkt ubehag. Mangel på teikn til betre funksjon i kneet gjer meg uroleg. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordringar på grunn av skade eller slitasje i kne.

Driven av eit ønskje om å bidra til forbetringar både for meg sjølv og andre, deler eg her nokre av mine erfaringar som pasient. Tida som pasient har i tillegg gitt meg høve til å orientere meg i ny forsking på smerter og problem etter innsetting av kneprotese. Eg stiller spørsmål ved om viktige innsikter frå denne forskinga faktisk kjem i bruk i behandlinga av den aktuelle pasientgruppa i Norge.

For min del starta det heile våren 2017 då eg var på tur på fjellet og fall. Før kneskaden var eg ei frisk kvinne tidleg i 50-åra med eit aktivt liv. Turgåing og økter på treningssenter var faste ingrediensar. Fysisk aktivitet gir velvære og er god restitusjon for jobb som leiar i akademia. No er det 1,5 år sidan sist det var råd å gå tur. Eg saknar å vere fysisk aktiv, eg er lei av smerter og ubehag. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordringar på grunn av skade eller slitasje i kne.

Dei som lever med kneproblem vil nok kjenne att lista over undersøkingar og forsøk på behandling: fastlege, røntgen, MR, ultralyd, injeksjon med hyaluronsyre og kortison, fysioterapi, akupunktur, ulike smertestillande og betennelses-dempande, krykker, spesialistutgreiing, artroskopi (diagnostisk undersøking og operativ metode), ortopediklinikk med tilpassing av kneortose, og til slutt proteseoperasjon.

Ta pasienthistoria på alvor!

Ei av mine viktigaste erfaringar som pasient er at ein verkeleg må stå på sjølv for å få behandling både før og etter operasjon. Eg er redd mange gir opp på vegen og berre lever med smerter og inaktivitet. Det er i alle fall ikkje lett å ha plager som helsetenesta ikkje kan finne ut av. Smerter kan vere diffust. Men den som har skaden kjenner og erfarer. Skildring av smertene og konsekvensar dei medfører når ikkje alltid fram eller vert tatt alvorleg. Mitt råd er at helsepersonell må lytte til historia til pasienten. Då vil ein kunne tilpasse hjelpa og ikkje berre handle ut i frå standardiserte prosedyrar.

Ein erfaren fysioterapeut og fastlege vart redninga mi i fyrste omgang. Dei dokumenterte historia mi til spesialist og rettleia meg til å ta direkte kontakt med ein knespesialist i helseføretaket. Det krevst mot for å ta den telefonen, men den gjorde også at eg kom til ein ortoped som valde å gjere artroskopi på bakgrunn av forteljinga mi. Ingen indikasjon til skade var å sjå på røntgen, ultralyd eller MR. Det er å ta pasienthistoria på alvor! Ein systematisk gjennomgang av forsking på feltet av Bedson & Croft (2008) (2) syner nettopp at resultat av røntgen og MR av kne ikkje bør nyttast isolert når ein vurderer pasientar med knesmerte. Artroskopien av mitt kne synte omfattande skade.

Ein av fem strevar

Resultatet etter artroskopi gav ikkje eit resultat som gjorde meg meir mobil. Skaden var for omfattande. Nye lange rundar i helsetenesta førte til kneproteseoperasjon. Eg er takksam for profesjonell og god behandling knytt til operasjonen. Men eit halvt år ut i opptreninga er resultatet diverre lite oppløftande. Kneet aksepterer ikkje å bli brukt. Det er stivt, hovnar opp og blir vondt sjølv etter at eg berre har rørt meg litt.

Under opptreninga har eg følgt alle faglege råd. Eg går til fysikalsk behandling fleire gongar i veka. Heller ikkje her er eg aleine. Forsking syner at inntil ein av fem pasientar slit med smerter og dårleg funksjon etter kneproteseoperasjon. Det er stort behov for meir kunnskap til hjelp for pasientgruppa. Fysioterapeutar står sentralt i aktuell behandling (3).

Sakn av aktivt liv

Dagar, veker og månader går. Eg leitar etter teikn til betring, men dei er der berre ikkje. Det er fortvilande å vere ute av stand til å gå ein tur i frisk luft. Kroniske smerter påverkar livskvaliteten sterkt. Avgrensinga av fysisk aktivitet kombinert med smerter og ubehag set ein lett ut av spel. Beskjeden frå behandlingsteamet er å vere tolmodig og å gje det minst eit år før vurdering av resultat. Med nytt kne på plass er det ikkje anna å gjere enn å vere tolmodig, trene styrke og gå til behandling hjå fysioterapeut. Eg stiller meg likevel undrande til om det verkeleg ikkje finst erfaring og forsking som kan gje peikepinn på årsaker til stivhet, smerter og hevelse 6 månadar etter kneproteseoperasjon?

Medan eg ventar på å få det aktive livet mitt tilbake, leitar eg febrilsk etter forsking på feltet i håp om å finne tips til målretta behandling. Det er mykje forsking på kne og kneproteser, men for meg som pasient er det ikkje like lett å vurdere akkurat kva som er relevant akkurat for min situasjon. Skal ein som pasient dra nytte av resultat frå forsking, må den einskilde helsearbeidar både finne, lese, vurdere og ta den i bruk i klinisk praksis.

Rask og målretta behandling er tilrådd

Eg må innrømme at eg er redd for å bli behandla etter standardiserte prosedyrar lite tilpassa mitt kne. Lang tid med slike plager gjer at eg vert redd for om rett behandling med tida som går blir vanskelegare å utføre. Forsking peikar på kor viktig det er å få rask og målretta behandling, om ein skal unngå langvarige smerter og funksjonshemming (4). Ein av dei viktigaste faktorane for vellykka behandling er tidleg diagnose og behandling. Behandlinga krev ei tverrfagleg tilnærming med trinnvis nøye vurdering for nøyaktig diagnostisering av den underliggande patologien. Med andre ord går dei forskingsbaserte råda rett imot det eg får informasjon om, som er å vente og ta tida til hjelp.

I ulike deler av helsetenesta har eg møtt ulike dyktige fagfolk, eit spekter av profesjonelle som vil gjere sitt beste for meg. Men kan det likevel vere slik at ny forsking ikkje vert tatt tilstrekkeleg i bruk i behandling av pasientar med knesmerter og problem etter innsetting av kneprotese? Når ein av fem pasientar opplever uendra eller verre smerter og fysisk funksjon 1 år etter kneproteseoperasjonen, er det tydelegvis mange som slit med det same som meg. Vi har nok alle berre eit ynskje: ein dag å kunne kjenne på gleda ved å bruke kneet utan smerter og ubehag. Å gå på tur i frisk luft er ein draum. Det gjeld berre å fatte mot og håpe på at ny kunnskap vert lest og tatt i bruk på beste vis.

Referanser

1.Furnes O, Hallan G, Kroken & Fenstad AM. (2019) Nasjonalt register for leddproteser Årsrapport for 2019 med plan for forbedringstiltak, Haukeland universitetssjukehus, Helse-Bergen HF

2.Bedson J. & Croft PR. (2008) The discordance between clinical and radiographic knee osteoarthritis: A systematic search and summary of the literature. BMC Musculoskeletal Disorders volume 9:116.

3.Beswick AD, Wylde V, Gooberman-Hill R. (2015) Interventions for the prediction and management of chronic postsurgical pain after total knee replacement: systematic review of randomised controlled trials. BMJ Open 2015;5:e007387.

4.Wylde, V, Beswick A, Bruce, J, Blom A, Howells N & Gooberman-Hill R. (2018) Chronic pain after total knee arthroplasty. EFORT Open ReviewsVol. 3, No. 8

Forfatter har også benyttet seg av disse kildene:

Olsen U, Lindberg MF, Denison EM. et.al (2020) Predictors of chronic pain and level of physical function in total knee arthroplasty: a protocol for a systematic review and meta-analysis. BMJ Open.

Toms AD, Mandalia V, Haigh R, Hopwood B. (2009) The management of patients with painful total knee replacement. J Bone Joint Surg [Br] 2009 ; 91-B: 143-150.

Powered by Labrador CMS