Ein intervjustudie: Bruk av stillingar og bevegelsar i yoga

Vitenskapelig artikkel i Fysioterapeuten 10/2014.

Mariann Sørebø, fysioterapeut, M.Sc, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. soerebo@online.no

Eline Thornquist, fysioterapeut, dr. philos., professor, Høgskulen i Bergen og praktiserande klinikar på privat institutt.

Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 22.8.2014. Studien er godkjent av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD). Ingen interessekonflikter oppgitt. 

Samandrag

Føremål: Å dokumentere erfaringar med og refleksjonar over bruk av stillingar og bevegelsar i yoga. 

Design, materiale og metode: Kvalitative semistrukturerte intervju av yogainstruktørar med fysioterapibakgrunn. Intervju med fire informantar blei gjennomført med lydopptakar og intervjuguide, og lydopptaka blei transkribert og innhaldsanalysert.

Resultat: Tre hovudtema med undertema vert identifisert om bruk av stillingar og bevegelsar:  i) variasjon i rom og retning, ii) utføring med vekt på tempo og kraftbruk og iii) sjølvaksept med undertema grensesetting og mestring. Sjølve samspelet mellom ulike komponentar var ifølge informantane eit sentralt kjenneteikn ved yoga, og dei la vekt på bevisst nærvær både som middel og mål i utøvinga.

Konklusjon: Informantane presenterte yoga som eit bevegelsessystem med verknader av både fysisk og mental karakter. Dei framheva sjølvaksept og tålmod som avgjerande for å oppnå endring og personleg utvikling.

Nøkkelord: Yoga, stillingar, bevegelsar, variasjon, bevisst nærvær.

English abstract

Innleiing

Yoga omfattar mange ulike former for praksis som er basert på klassisk indisk filosofi med ei historie tilbake til den vediske kulturen, omkring 2800 f.v.t. (1). I vår del av verda forbind dei fleste yoga med hatha yoga (kroppsyoga) og pranayama (pusteøvingar) og med fleksibilitetstrening og avspenning, men i litteraturen omtalast ei rekke ulike retningar. Eit fellestrekk for alle er at det leggast vekt på utvikling av bevisstheten og evne til erkjenning (2). Omforminga frå religiøs praksis til treningsform og stressreduksjon har ført til stor oppslutning om yoga i vestlige land (3), og det har vore ei stadig auke i forsking retta mot det terapeutiske aspektet ved yoga i samband med ei rekke lidingar og problemstillingar (4).

Enkelte fysioterapeutar har også framheva yoga som nyttig i møte med pasientar (5). Det visast særskilt til at yoga er eigna til å trene opp konsentrasjon og at den enkelte kan ta ansvar for eiga helse og styre eige stressnivå. For øvrig krev yoga lite utstyr og plass (5).

Denne artikkelen bygger på ein intervjustudie gjennomført som ei masteroppgåve, der føremålet var å undersøke yoga som bevegelsessystem (6). Ettersom yoga er eit mangfaldig felt, og informantane presenterte eit breitt innhald i intervjua, er denne artikkelen konsentrert om dei delane av datamaterialet som handlar om stillingar og bevegelsar då dette er viktige element i all form for fysioterapi: Kva legg informantane vekt på når dei formidlar sine erfaringar og synspunkt på bruk av stillingar og bevegelsar i yoga?

Materiale og metode        

Studien er basert på kvalitative semistrukturerte intervju. Dette designet er eigna for å få tilgang til informantars erfarings- og meiningsverd (7,8), og er soleis i tråd med studiens føremål og forskingsspørsmål.

Det blei føretatt eit strategisk utval av informantar for å få med eit fysioterapeutisk blikk: Inklusjonskriteriet var at kvar informant hadde erfaring både som yogalærar og som fysioterapeut i minst to år. Rekruttering av informantar skjedde gjennom nettverk av kollegaer som foreslo aktuelle kandidatar, og dei fire fyrste informantane som tilfredstilte inklusjonskriteria vart førespurd om å delta. I utgangspunktet blei fire informantar vurdert som eit realistisk utval innanfor råmene til eit mastergradsprosjekt. Informantane som deltok hadde variert og lang fysioterapipraksis (frå ti til 30 år), og dei hadde praktisert og undervist yoga i frå seks til 30 år.

Datainnsamling og analyse

Alle informantane instruerte yogaklassar uavhengig av sin fysioterapipraksis, og det er denne yogapraksisen som intervjua i all hovudsak retta seg mot. Informantane ga uttrykk for at yoga og fysioterapi kan komplettere kvarandre, men korleis vart ikkje forfølgt i intervjua.

Intervjua blei gjennomført av fyrsteforfattar på basis av ein temaorientert intervjuguide. Informantane valde tid og stad, eit var heime hjå informanten og dei resterande på deira arbeidsstad. Intervjua som varte mellom 40 og 75 minutt blei tatt opp på lydband.

Lydopptaka vart transkribert, og det første skrittet var å gå gjennom materialet for å få eit heilskapsinntrykk (7-9). Deretter gjekk vi systematisk til verks for å identifisere skilnadar og fellestrekk, og det var lett å få auge på eit tydeleg fellestrekk: Alle informantane framheva at yoga ikkje dreier seg om å oppnå spesifikke effektar som bevegelighet, styrke eller avspenning; det overordna var å oppnå personleg utvikling. Ved nærare analyse av datamaterialet kom det fram at informantane tilla konsentrasjon stor tyding både som middel og mål, og dei viste til at samspelet mellom pust, bevegelse og fokusert oppmerksemd var eit sentralt kjenneteikn ved yoga. Gjennom ytterligare analyse blei nokre hovudtema og undertema identifisert, og i denne artikkelen presenterer vi hovudtema og undertema knytt til bruk av stillingar og bevegelsar (tabell 1).

Sidan informantane ga uttrykk for erfaringar og synspunkt som i stor grad samsvarer med litteraturen om yoga, er det grunn til å anta at dei er ganske typiske for yogainstruktørar generelt. Fleire undersøkingar vil gje svar på om dette er ein haldbar påstand. 

Forskarens eiga rolle og forforståing 

I kvalitativ metode er refleksivitet eit sentralt omgrep som viser til forskarars bevissthet om si eiga rolle i forskingsprosessen (7-10). Fyrsteforfattars positive erfaringar med yoga kan sjåast som ein faktor det var mogleg å dra vekslar på, samstundes som slike erfaringar kan farge oppfatninga og framstillinga av informantanes utsegn. Andreforfattars breie kunnskapsbakgrunn gjorde det mogleg å etablere distanse og bidrog til ei felles spørjande haldning. At begge forfattarane var fysioterapeutar var avgjerande for heile forskingsprosessen.   

 

Teoretiske perspektiv

Innhaldet i det innsamla intervjumaterialet var avgjerande for teoritilfanget, og i det følgjande gjer vi kort greie for forståing av bevissthet, oppmerksemd og kroppsbevissthet der vi har henta inspirasjon frå fenomenologi og nyare nevrobiologi. Vidare klargjer vi omgrep for å belyse yoga: propriosepsjon, kroppsskjema og kroppsbilete.

Bevissthet og fokusert oppmerksemd

Menneskets bevissthet er ein tilstand det er vanskeleg å definere presist (11). Eit framståande trekk ved bevisstheten er at informasjon som analyserast av spesialiserte hjernesystem vert inkorporert til ei einsarta oppleving. Bevisstheten er avhengig av koordinert aktivitet i eit nettverk som omfattar hjernestammen, thalamus og den cerebrale cortex, og ei viktig oppgåve er å fokusere oppmerksemda slik at ytre stimuli og indre prosessar som ikkje er av interesse i augneblinken sjaltast ut, og vi kan konsentrere oss om dei som er mest aktuelle (11).

Kunnskap frå nyare hjerneforsking samsvarar med innsikter frå fenomenologi. Sentrale personer i fenomenologi har analysert kjenneteikn ved bevissthetsprosessar, og dei understrekar at vi oppfattar i heilskaper, og dessutan at bevisstheten har ein frå-til struktur, kalla intensjonalitet (12). Med det meinast at bevisstheten alltid går ut over seg sjølv til noko anna; den er alltid retta mot noko og nokon.

Kroppsbevissthet

Det er ein grunnleggande skilnad mellom bevisst og ureflektert kroppsbevissthet: Stundom rettar vi oppmerksemda mot aspekt ved kroppen, men som oftast er oppmerksemda retta mot omgjevnadene og det vi held på med (8,12,13). Når vi til dømes køyrer bil er vi primært opptatt av trafikken, ikkje av korleis vi sit og held i rattet.

Kroppsbevissthet er eit mykje nytta omgrep innan fysioterapifaget, men det gjerast sjeldan greie for kva som meinast.  Kroppsbevissthet kan definerast som evna til å registrere kroppens og dei enkelte ledds stilling og belastningsforhold, samt muskelaktivitet utan bruk av synet (14,15).

Kroppsbevissthet i denne tydinga, også kalla kinestetisk sans, er avhengig av informasjon frå hudreseptorar og særskilt proprio-
septorar (11). Når vi beveger oss, medfører det auka impulsaktivitet frå proprioseptorar som gjev kontinuerleg informasjon om kroppens stilling og bevegelse. Denne propriosepsjonen er ein føresetnad for normal, ureflektert og koordinert bevegelse. Men propriosepsjonen har óg ein anna funksjon som vanlegvis får lite oppmerksemd: Den bidrar til ein viss sjølvfornemmelse – til ei oppleving av kroppen som avgrensa og skilt frå omverda (8,12).

Kroppsbilete og kroppsskjema

Omgrepa kroppsbilete og kroppsskjema har skapt mykje forvirring i åras løp. Filosofen Shaun Gallagher understrekar i sitt oppryddingsarbeid på dette feltet at vi har å gjere med to ulike, men nært relaterte system (12,15).Kroppsbileteomfattar oppfatningar, haldningar og syn knytt til eigen kropp, noko som inneberer ein viss sjølvreferert intensjonalitet (12,15).Kroppsskjemainneheld dei to aspekta som er nemnd over: Dei automatiske prosessane som konstant regulerer postural haldning og bevegelse, og desse prosessane basert på ein proprioseptiv informasjonsstrøm fungerer som ei form for prerefleksiv bevissthet om våre stillingar og kroppslege handlingar (12).

Sjølv om kroppsskjemaet fungerar utan bevisst styring, er individets forventningar og opplevingar avgjerande for balanse, posisjonar og bevegelsar (8,11,14,16). Personar som til dømes er engstelege for å miste balansen, blir meir ustøe (11,16). Kroppsskjemaet fungerer best når oppmerksemda er retta utover, frå kroppen. Flyten i ei handling blir lett forstyrra når vi gjer kroppen og bevegelsane til objektet for oppmerksemda (8,12,15).

Dokumentasjon og analyse

I denne delen presenterast utdrag frå datamaterialet som visar kva yogainstruktørane legg vekt på.  Teksten er organisert ut frå hovudtema som følgjast av tekstnære og utfyllande kommentarar.

Variasjon – i rom og retning

Yoga som bevegelsessystem består av mange ulike stillingar som er kategorisert i ei rekke grupper. Alle informantane var opptatt av at ein yogaklasse skulle innehalde stillingar som set ulike krav til kroppen.

«Ein prøver alltid å sette saman nokon øvingar i ein sekvens, og då prøver ein å ha i alle fall ein strekk, ein bøy, ein rotasjon og ein opp-ned stilling. Sånn at ein får mest mogleg av kroppens moglegheiter inn.»

Denne variasjonen vert framheva som positiv:

«Det er bra å bli litt forstyrra i sine vanlege bevegelsesmønstre. Og jo eldre vi blir, desto betre trur eg det er.»

Ein informant seier dette:

«Ein balanserar kroppen sin reint fysisk og psykisk, vil eg seie. Ein får tøygd og strekt der det er stramt, og ein får styrka der ein er svak. Mi erfaring er at ein jobbar seg inn i betre akseforhold og dermed ei meir optimal haldning sånn at ein får mindre skjelettplager.»

Som det framgår legg informantane til rette for bevegelsar i ulike plan og retningar, og dei nyttar stillingar i sittande, ståande og liggande. Fokus varierer, eksempelvis på styrke, balanse og fleksibilitet.  Dei snakkar om «ein balansert praksis» der ein arbeider systematisk med heile bevegelsesapparatet. I intervjua vert det vidare understreka at dei som har muskel- og skjelettplagar kan ha særskilt god verknad av yoga. Samtlege informantar la vekt på å modifisere stillingar og bevegelsar, og dei nytta enkelte hjelpemiddel slik at det vert mogleg for dei fleste å delta.

Utføring – tempo og tilpassing av kraftbruk

Informantane gjentok at bevegelsar skal utføres langsamt og med minst mogleg anstrengelse. Som ein av dei sa:

«Kvalitet er at ein skal gjere det langsamt, ein skal vere med i pusten, ein skal gå så langt som ein kjem utan at ein bind pusten. Ein skal kunne halde stillinga, vere fokusert på at der står ein og at ein kan puste inn i den stillinga der. Og så gå roleg ut av stillinga.»

Ein annan informant sa dette om tempo:

«Det går ikkje fort. Vi brukar ofte mykje tid i instruksjon, altså inngangsposisjon, i posisjon og ut av stillinga.»

Vidare vert det lagt vekt på korleis ein utfører øvingane med omsyn til kraftbruk:

«Det som er viktig er at ein skal bruke minst mogleg kraft og ein skal bruke den muskulaturen som er nødvendig, ikkje andre musklar. Og då må ein halde litt fokus på, ja… kor kan eg slappe av, kor må eg halde.  Det er vanskeleg, og då er det allright å gå ut av stillinga, ta pause, kjenne etter.»

Informantane framheva at bevegelsar skal vere rolege og kontrollerte, og vidare at stillingar skal haldast ei stund og pust og bevegelsar skal synkroniserast. Utøvarane må med andre ord tilpasse seg den detaljerte instruksjonen og dei fastlagte måtane å utføre stillingar og bevegelsar på. 

Samspelet mellom pust og bevegelse er eit sentralt moment, og informantane understreka at  det er viktig å ikkje halde pusten. Å halde pusten tolkast som eit teikn på at ein har overskride sin eigen kapasitet, noko som medfører auka spenning. Pusten vert sett på som  ei informasjonskjelde både for instruktøren og den enkelte utøvar. 

Sjølvaksept – grensesetting og meistring

Alle informantane la stor vekt på deltakaranes innstilling til yoga. Dei forsøkte å formidle til deltakarane at det ikkje dreier seg om prestasjonar og konkurranse, men om ei tilnærming som krev tålmod og ei aksepterande haldning til seg sjølv.

«Kjenne på begrensningane og kjenne på ressursane, og godta dei som dei er. Det trur eg er det viktigaste… Å vere tilstade. Ja, godta ting som dei er… og så ta utgangspunkt i det.» 

Yoga framstillast som eit høve til å lære om seg sjølv på godt og vondt. På spørsmål om korleis yoga skil seg frå andre typar trening og aktivitetar svarer ein av informantane:

«Det er noko med det at du kan ikkje berre presse deg til ting.  Du er nøydd til å spele litt på lag med strukturane dine… Eg merker at i periodar når eg er stressa i kroppen, stressa i hovudet, så må eg trene litt meir varsamt enn i periodar då eg har masse energi og kjenner at, jo kroppen er villig, den er med. Det handlar mykje om kor eg er hen i livet mitt, kor eg er hen den dagen og det gjenspeglar seg også kor eg er hen på matta. Du må legge noko av den her pågåenheten til sides. Du må ha ein stamina og ein vilje til å prøve igjen og igjen.»

Informantane fortel at mange opplever meistring når dei klarer å utføre vanskelege yogastillingar.

«Å kunne øve opp tilfredshet og bli glad i seg sjølv og sin kropp sånn den er. Både det å kunne akseptere ting som er vanskeleg, utfordringar ein har, men samstundes så…«wow, no klarte eg det, tenk at eg klarte det! Tenk at eg klarte å stå på hovudet, det har eg aldri gjort før.» Det å oppleve ein banal glede ved å… ja ein kan seie, sprenge grensar… I ein del posisjonar … til dømes bak-overbøying så kan du faktisk møte frykt. Og det å møte og så klare å jobbe seg gjennom eiga redsle … det kan gi større trygghet i livet for øvrig.»

Å respektere sitt eige fysiske utgangspunkt og tilpasse yogapraksisen etter korleis ein har det i livet, og ikkje streve etter eit ideal, er eit bodskap som går att i intervjua. Det same gjeld vektlegginga av nærvær – å vere tilstade – som eit særtrekk ved yoga. Informantane seier óg at dei som kjem til yoga i utgangspunktet er på søken etter noko «anna».  

Diskusjon

Informantane la vekt på variasjon i bruk av stillingar og bevegelsar og på at all praktisering skulle vera prega av langsamt tempo og økonomiske bevegelsar. Vidare framheva dei koordinering av ulike element, sjølvaksept og bevisst nærvær.  I det følgjande knyt vi refleksjonar til metodiske tema, for deretter å diskutere innhaldet i intervjua.

Metoderefleksjonar

Innan kvalitativ forsking nyttast ofte truverdighet og styrke for henhaldsvis reliabilitet og validitet (7-10). Eit prosjekts truverdighet dreier seg om å vere nøye og presis gjennom heile forskingsprosessen, og vi har forsøkt å skildre dei ulike trinna i prosessen, men her setter artikkelforma klåre råmer for utdjuping. For ei meir detaljert framstilling, sjå fyrsteforfattars masteroppgåve (6).

I ein kvalitativ kontekst er styrke knytt til om tilnærminga lukkast med å undersøke det ein har som mål å undersøke (7-10). Føremålet med denne studien var å undersøke erfaringar og synspunkt på yoga som bevegelsessystem, og det var difor nærliggande å velje kvalitativt intervju som metode. Validitet handlar ikkje berre om metodespørsmål; det dreier seg om å  stille seg kritisk og spørjande i heile forskingsprosessen (7-10). Kjennskap til terminologi og forklaringsmodellar i yoga kan ha medført at adekvate oppfølgingsspørsmål ikkje vart stilt i intervjusituasjonen. Fyrsteforfattars forutforståing kan med andre ord ha fungert som eit hinder for fordjuping. Gjennom å nytte relativt mange sitat frå samtlege informantar har vi prøvd å få fram deira stemme. Det var ei utfordring å velje ut deler av datamaterialet og samstundes ivareta det samspelet mellom dei ulike elementa i yoga som informantane la vekt på.

Variasjon og utføring – verknader

Informantane gjentok at variasjon i stillingar var viktig, og at ein nyttar heile bevegelsesbana og held ledd i ytterstillingar for å få tøygd muskulatur.  Det gjeld som ein av dei sa, å få inn «kroppens moglegheiter». Sett i samanheng med innhaldet i samtlege intervju er det grunnlag for å oppfatte dette utsegnet som typisk for alle informantane.

Yoga omfattar bevegelsar og stillingar som skil seg frå dagleglivets aktivitetar, noko vi meiner  kan utfordre vanemønstre i tillegg til at kroppens bevegelsesregister oppretthaldast. Medan reduserte krav til bevegelse og fysisk aktivitet i arbeid og kvardagsliv gjer at dei fleste menneske i dag beveger seg einsidig, gjev yoga erfaring med uvande stillingar og bevegelsar som til dømes bak-overbøy, opp-nedstillingar og armbalanser, og dette kan bidra til å betre eller vedlikehalde balanse. Øvingane i yoga gjev vidare ei veksling mellom trykk og avlastning som er gunstig for  bruskens regenerasjons- og reparasjonsprosessar (17). Denne verknaden forsterkast ved at ein nytter eiga kroppsvekt og vektbærande stillingar både for bein, armar og columna.

Variasjonen i yoga kan også relaterast til bevisst nærvær. Informantane framheva at yoga er ein praktisk måte å trene konsentrasjonen på, då ein er nøydd til å vere fokusert for å meistre variasjon og presisjon i utføringa. Å kunne konsentrere seg om ein ting om gongen, kan vere nyttig i ein hektisk kvardag prega av multi-tasking. Forsøk har vist at når friske unge personer utfører oppgåver som krev både kognitiv funksjon og kroppsleg balanse, prioriterer hjernebarken balanseoppgåvene. Denne påverknaden tenkast å vere eit resultat av at ulike system kjempar om knappe «oppmerksemdsressursar» (16). Krevjande yogastillingar vil kunne medføre at hjernenettverk samarbeidar om å sjalte ut tankespinn og andre kognitive prosessar for å meistre kravet om å oppretthalde balanse og postural kontroll. 

Her vil vi peike på at den varierte bruken av bevegelsar og stillingar i yoga legg til rette for proprioseptiv stimulering, og dermed for ei oppdatering av kroppsskjema og påverknad av ureflektert kroppsfornemmelse (12). Med utgangspunkt i at propriopsepsjon kan ha tyding for eins fornemmelse av selvet, kan aktiv bruk av varierte stillingar og bevegelsar nyttast for å understøtte individets følelse av forankring i seg sjølv og eigen kropp (8).

Ordetyogatyder å sette saman eller skape forbindelse, og denne foreininga vert i litteraturen skildra som kjernen i ein yogapraksis (1). Vår vurdering er at langsamt tempo, tilpassing av kraftbruk, bevisst regulering av pusten og fokus på bevegelsane skaper eit kontrollpreg som kan gje ein samlande effekt for utøvaren. Samstundes kan ei slik tilnærming verke uheldig viss ein lærer seg å alltid skyve vekk ubehagelege følelsar og tankar, noko den psykomotoriske tradisjon har vore oppteken av (18,19).

Sjølvaksept – verknader

To av informantane skildra yogamatta som eit mikrokosmos på livet sjølv: Praksis og reaksjonar på matta kan reflektere handlings- og reaksjonsmønstre elles i livet. Yogautøving vert altså sett på som ein veg til personleg utvikling, noko informantane relaterte til sjølvaksept. Alle understreka at dagsform og livshendingar påverkar kroppen, og dei søker å formidle aksept for dette i sin tilnærming til utøvarane. Gjennom ein slik praksis kan kroppen verte ein informasjonskjelde for den enkelte og derigjennom fremje tillit til at ein sjølv kan tolke kroppslege erfaringar og fornemmelsar, noko som er viktige haldepunkt for sjølvregulering (8, 20). Slike verknader heng rimelegvis saman med at yoga ikkje dreier seg om å konkurrere med andre; det gjeld å ta utgangspunkt i seg sjølv.

Yoga i dagens kontekst

Ei forklaring på yogas auka popularitet er at dagens samfunn er hektisk og prega av lite kroppslig aktivitet, og interessa for yoga og andre alternative retningar er knytt til eit ynskje om å vende tilbake til kroppen. Dette er et poeng hos fleire samfunnsvitarar som skriv om kjenneteikn ved vår tid (21,22). Informantane i studien peika på at yoga retter seg mot ulike sider hjå mennesket, og det kan vera grunnen til at dei som rekrutterast til yoga er ute etter meir enn betring av fysisk form.  

Inaktivitet og trening er i dag ytterpunkt, og fysisk yoga kan vere ei tilnærming som ivaretek muskelskjelettapparatet på ein anna måte. Frå ein fysioterapeutisk ståstad vil vi innvende at  yoga i liten grad gjev effekt når det gjeld styrke og uthald. Ei viss styrketrening kan oppnåast, men det er avhengig av kva slags øvingar som vektleggast og gjentakast. Når det gjeld kondisjon, vil ikkje yogaøving  uansett gje stor nok belastning av hjarte-karsystemet til at den gjev effekt.

Verknader av metodar og intervensjonar kan ikkje betraktast lausrevet frå det samfunnet vi lev i. Sidan ei sterk individualisering pregar vår tid og vårt samfunn, er det nærliggande å anta at praktisering av yoga kan forsterke ei sjølvsentrering, på kostnad av interesse for omverda og andre sitt ve og vel (23). Men den aksepterande innstillinga som informantane formidlar, og som også pregar litteraturen om yoga, kan óg verke i ein anna retning. Den kan gje rom for å erkjenne og anerkjenne eigne grenser og ulike livsomstende, og slik skape grobotn for eit første skritt mot endring av forhold i eige og andre sine liv som er uakseptable. 

Avslutning

Implikasjonar for praksis

Informantane i denne studien presenterer yoga som eit bevegelsessystem som kan ha fleire verknader av både fysisk og mental karakter, som til dømes betre balanse eller større konsentrasjonsevne. Dei vektlegg likevel først og fremst samspelet mellom dei ulike elementa i yoga, og den tydinga dette har for utvikling av bevisst nærvær og personleg utvikling.

I yoga understrekast det at endring og utvikling tar tid og krev innsats frå den enkelte. Dette momentet er verdt  å reflektere over då fysioterapeutar ofte er svært handlingsorienterte, noko som kan slå over i handlingsiver og utålmodighet (24). Dessutan: Dagens treningsklima inneber ein tendens til at eigeninnsats vert synonymt med trening styrt av dosering og oppfølging av bestemte prinsipp. Å ha eit breitt repertoar som terapeut er alltid viktig, og å utvide aktivitetsomgrepet kan vere nyttig i fysioterapi.

Stillingar og bevegelsar er nøkkelelement i all form for fysioterapi, og dei kan brukast på ulike vis og med ulike verknader. Å bli kjend med forskjellige bevegelsestradisjonar og bevegelsessystem kan kaste nytt lys over eigen praksis. I denne artikkelen står særtrekk ved stillingar og bevegelsar i yoga i sentrum, og i forlenginga håper vi på debatt om kva slags aktivitetar vi ynskjer å fremje, samt korleis sentrale element i fysioterapi som stillingar og bevegelsar kan brukast på ulike måtar.

Referanseliste

1. Fraser T. Yoga. Øvelser og inspirasjon for velvære. Köln: Evergreen, 2009.

2. Holen A, Hobbel T. Yogaboken. Bevegelse og pust. Oslo: Dyade Forlag, 2009.

3. Frøystad K. Veldig vitenskaplig. Vitenskaplige legitimeringsformer i den indiske New Age-bevegelsen. Norsk antropologisk tidsskrift 2006; 17 (2): 105-118.

4. Khalsa SBS. Yoga as a therapeutic intervention: a bibliometric analysis of published research studies. Indian Journal of Physiology and Pharmacology (2004); 48 (3): 269-285.

5. Rønning AK. Yoga for helsepersonell. Fysioterapeuten 2011; 78 (1): 36-39.

6. Sørebø M. Kjenneteikn ved yoga som bevegelsessystem. Ei intervjustudie. Mastergradsoppgåve i fysioterapi. Bergen: Høgskulen i Bergen, 2012.

7. Kvale S, Brinkmann S.  Det kvalitative forskningsintervju (2. utg.), Oslo: Gyldendal akademisk, 2009.

8. Thornquist, E. Movement and interaction. The Sherborne Approach and Documentation. Oslo: Universitetsforlaget, 2012.

9. Maso P et al. (eds) Openness in research: The tension between Self and Others. Assen, The Netherlands: Van Gorcum, 1995.

10. Thornquist E. Vitenskapsfilosofi og vitenskapsteori. Bergen: Fagbokforlaget, 2003.

11.  Brodal P. Central Nervous System- structure and function. Oxford: Oxford University Press, 2010.

12. Gallagher S., Zahavi, D. The phenomenological mind. An introduction to philosophy and cognitive science. London & New York: Routledge, 2008.

13. Leder D. The absent body. Chicago: The Chicago University Press, 1990.          

14. Thornquist, E. Lungefysioterapi, Oslo: Universitetsforlaget, 1983.

15. Gallagher S. How the body shapes the mind. Oxford: Oxford University Press, 2005.

16. Brodal P. Det nevrobiologiske grunnlaget for balanse. Fysioterapeuten 2004; 8: 25-30.

17. Nordin M, Frankel VH. Basic biomechanics of the muskuloskeletal system. Maryland/Pennsylvania: Lippincott Williams & Wilkins, 2001.

18. Braatøy T. De nervøse sinn. Oslo: Cappelens Forlag, 1947

19. Gretland A. Den relasjonelle kroppen. Bergen: Fagbokforlaget, 2007.

20. Thornquist E. Kroppssyn og faglige utfordringer i dag. Fysioterapeuten Fagekstra 2001; 68: 9 – 15.

21. Giddens A. Modernity and self-identity. Oxford: Polity Press, 1995.

22. Baumann Z. Savnet fellesskap. Oslo: Cappelen Akademisk, 2000.

23. Madsen OJ. «Det er innover vi må gå» – en kulturpsykologisk studie av selvhjelp. Oslo: Universitetsforlaget, 2014.

24. Thornquist E. Kommunikasjon: teoretiske perspektiver på praksis i helsetjenesten (2. utg) Oslo: Gyldendal akademisk, 2009.

Powered by Labrador CMS