Kva skjer når helsepersonell gir alternativ behandling, og det oppstår skade?
Fagkronikk i Fysioterapeuten 3/2018.
Ola Lillenes, informasjonssjef ved NAFKAM - Nasjonalt Forskningssenter innen Komplementær og Alternativ Behandling. NAFKAM finansieres av Helse- og Omsorgsdepartementet, og ligger på Det Helsevitenskapelige Fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet. NAFKAMs oppgave er å utvikle og tilby forskningsbaserte fakta til befolkningen om alternativ behandling, for å styrke kunnskapsgrunnlaget ved egne helsevalg. Ola.lillenes@uit.no.
Denne fagkronikken ble akseptert 19.2.2018. Fagkronikker vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt.
Artikkelen ble publisert først på nett (www.fysioterapeuten.no) 22.februar 2018.
-------------------------------------------------------------
I juli 2017 kom ei lita, men viktig endring i pasientskadelova. Ho skal auke medvitet hjå både helsepersonell og pasientane deira om kvar grensa for staten sitt erstatningsansvar går, når slikt personell gir alternativ behandling og det oppstår skade som kan knyttast til slik behandling.
Frå undersøkjingar vi har gjort, veit vi at nokre alternative behandlarar har autorisasjon som helsepersonell, og at ein del helsepersonell gir alternativ behandling både medan dei er på jobb i og for helsetenesta, men også utanfor. Det er utfordrande for pasientane å skjøne kva for ein hatt den kvitkledde hjelparen deira har på seg, og kva juridisk stilling ein står i.
Korleis er til dømes fødande kvinner sikra når jordmora gir akupunktur mot smerte? Er det forskjell på om dette skjer på fødestova eller under heimefødsel? Kva med pasientane til fysioterapeuten som brukar osteopatiske teknikkar eller myorefleksterapi på pasienten medan han ligg på benken? Korleis er ståa når lækjaren kjem med forslag om at pasienten med dei udefinerte plagene prøvar eit homøopatisk eller antroposofisk middel? Og kva skjer dersom det oppstår skade når kiropraktoren set nåler i pasienten?
Les hele artikkelen i Fysioterapeuten eblad.