Spedbarns spontanbevegelsar: Utvikling av «In-Motion»-appen

Sammendrag i Fysioterapeuten 9/2017. 

Fagartikkel

In-Motion

Observasjon av spedbarnet sine  spontane bevegelsar frå ein videofilm kan brukast til å vurdere  risiko for seinare cerebral parese. Fysioterapeutar frå Klinikk for kliniske servicefunksjoner (KKS) ved St. Olavs hospital har fått midlar for å bidra til utvikling av ein app for filming av spedbarns spontanbevegelsar. Dette er eit pilotprosjekt der fysioterapeutane bidreg  i evalueringa av ein instruksjonsvideo som inngår som ein del av In-Motion-appen. Fysioterapeutane ved KKS samarbeider med Nyfødt intensivavdelinga ved St. Olavs hospital og NTNU. Utviklingsarbeidet er ein del av eit større arbeid som blir gjort på Institutt for laboratoriemedisin, barne- og kvinnesykdommer (LBK) i regi av forskingsgruppene der. 

Heimebaserte videoopptak ved bruk av foreldra sine smarttelefonar

In-Motion-appen skal gjere det mogeleg for foreldre til premature barn eller til barn med andre medisinske komplikasjonar i nyføddperioden til å ta ein film av barnet heime hos seg sjølve, når det passar best for dei og barnet. Dette for at barnet skal vere opplagt og tilfreds under filmopptaket, og at heile prosessen skal bli så lite belastande for familien som mogeleg. Samstundes kan ein auke foreldreengasjementet i barnet si utvikling. Ytterlegare vil bruk av In-Motion-appen kunne frigjere tid og ressursar i helsevesenet. Filmen skal sendast til spesialisthelsetenesta ved St. Olavs hospital der trena og sertifiserte observatørar som kan ein metode som vert kalla General Movement Assessment (GMA), skal vurdere filmen. Foreldra vil etterpå få tilbakemelding om resultatet av undersøkinga og anbefaling om tiltak frå sjukehuset. In-Motion-appen og undersøking av spontanbevegelsar hos spedbarnet er tenkt som eit viktig supplement til dei ordinære kontrollane hos barnelege og/eller fysioterapeut, men skal ikkje erstatte desse. 

Les saken med illustrasjon i Fysioterapeuten eblad

Siril Osland, Toril Fjørtoft, og Lars Adde, fysioterapeutar ved Klinikk for kliniske servicefunksjoner, St. Olavs hospital. Ragnhild Støen, avdelingssjef ved avdeling Nyfødt intensiv, St. Olavs hospital. 

General Movements hos spedbarn

Studiar av spontanbevegelsar hos spedbarn har leia til ei systematisk klassifisering av desse bevegelsane og definisjon av standard bevegelsar for dei ulike aldersgruppene. Nokre av desse bevegelsane vert kalla «general movements» (GMs) og ein metode for å evaluere desse bevegelsane er utvikla, såkalla General Movement Assessment (GMA). Ved 2–5 månaders alder blir desse spontanbevegelsane (GMs) kalla fidgetybevegelsar. Dette er små, variable bevegelsar med moderat tempo som er i heile kroppen, både i nakken, bolen og ekstremitetar. Fleire studiar har vist at fråvær av fidgetybevegelsar er ein god prediktor for å avdekke utvikling av cerebral parese (CP)(1–3). Vel så viktig er at når fidgetybevegelsar er til stades er det ein god prediktor for at barnet seinare ikkje får CP (www.general-movement-trust.info). 

I fleire år har ein ved Klinikk for  kliniske servicefunksjoner ved St. Olavs hospital videofilma premature- og andre høgrisikobarn og analysert desse etter GMA-metoden. I dei siste åra har det blitt publisert fleire studiar frå St. Olavs hospital og NTNU der det er vist ein tydeleg samanheng mellom spedbarn sine bevegelsar og seinare funksjon, både motorisk og kognitivt. Foreldra kjem til sjukehuset og filmopptaka er gjort på standardisert vis med ei samanleggbar madrass og video-oppsett som blir oppbevart i ein koffert som er lett å ta med seg til ulike undersøkelsesrom.  

Internasjonale retningslinjer

I dei siste 20 åra  har det føregått omfattande internasjonalt forskingsarbeid om GMA-metoden. Ei internasjonal ekspertgruppe har nyleg arbeida med utvikling av retningsliner for tidleg deteksjon av CP, og GMA vil her ha en framståande plass. Dette arbeidet er nyleg publisert i september 2017 (4).  

Kvifor skal foreldre videofilme sjølve?

Fordelen ved å filme barna heime i sitt lokale miljø er å fange barnet sine bevegelsar når det er mest mogeleg nøgd og opplagt. Samstundes kan ein spare barnet og familien for lange reiser til sjukehus. Ein kan på denne måten også gjere slike undersøkingar tilgjengelege for barn og familiar som ikkje har tilgang til ekspertar innan fagfeltet i si lokale helseteneste. Målet er å få filme på rett tidspunkt og å gje ei best mogeleg behandling og oppfølging av barnet så tidleg som mogeleg medan hjernen er mest påverkbar. 

Mål og metode 

Målsetting med dette pilotprosjektet er utvikling av instruksjonsvideoen i In-Motion-appen som skal vere lett forståeleg for foreldre. Metoden var ein brukskvalitetstudie («usability-studie») der vi gjennom samtalar med foreldrene fekk tilbakemeldingar på instruksjonsvideoen for så å optimalisere denne.  

Deltakarar

Ein har spurt ulike kollegaer på St. Olavs hospital (fysioterapeutar, turnusfysioterapeut, sjukepleiar og lege på Barneklinikken) om å sjå instruksjonsvideoen nokre gonger.

Ein har inkludert familiar frå både prematur-teamet og friske, terminfødde spedbarn. Desse har ein kontakta i samband med kontrollar ved St. Olavs hospital, og den sistnemnte gruppa har ein kome i kontakt med via vener og kjende.  

Kollegaer

Kollegaene  har vore på eigne rom der dei har sett på filmen så mange gonger som dei har ynskt. Dei har også blitt bedne om å svare på eit spørjeskjema. Ein har etterpå gått gjennom eventuelle andre synspunkt, tankar og idear dei har fått undervegs i form av ope intervju. 

Foreldre

Det er blitt forklart foreldra kva prosjektet går ut på og kva dette inneber for dei som familie via telefonsamtale, SMS og e-post. Ein har vidare avtalt tidspunkt og sendt instruksjonsfilmen via e-post ei veke i forkant av heimebesøka. Foreldra er oppmoda til å sjå filmen fleire gonger på førehand.

På heimebesøk har foreldra igjen fått sjå gjennom filmen medan ein har vore stillteiande observatør på sidelinja, både under filmen og når foreldra klargjer barn, telefon og rekvisittar til filming, samt under filminga i seg sjølv. Ein har også notert undervegs. Foreldra har fått eit spørjeskjema som dei skal svare på, og når både filming og spørjeskjema er gjennomført, har ein ilag gått gjennom skjemaet og skrive ned eventuelle ekstra kommentarar og erfaringar.

I etterkant har ein samla saman all informasjon for å finne fellesnemnarar som er viktige for å justere filmen slik at instruksjonen i In-Motion-appen blir så presis og konsis som mogeleg.  Dei viktigaste resultata av arbeidet er endring på rekkefølgjene på dei ulike tema i filmen,  justeringar på tekst og vi har forenkla en del teikningar i instruksjonsvideoen. Det vart  også justert og endra på korleis  filmoppsettet skulle vere i forhold til barnet. 

Vidare arbeid

Til no har vi prøvd ut kor brukarvenleg instruksjonsfilmen i In-Motion-appen er, og i neste fase (hausten 2017 og våren 2018) skal vi teste ut kor gjennomførleg den er i klinisk praksis («feasibility-studie»). Etter feasibility-studien vil ein større klinisk oppfølgingsstudie planleggast med oppstart i 2018/2019. I dei vidare studiane vil ein samarbeide med allereie eksisterande og nye nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar i Norge, USA, India, Belgia og Danmark. Arbeidet med ein forskingsprotokoll for vidare studiar er i gang. 

Litteratur

1. Prechtl HF, Einspieler C, Cioni G, Bos AF, Ferrari F, Sontheimer D. An early marker for neurological deficits after perinatal brain lesions. Lancet. 1997;349(9062):1361-3.

2. Einspieler C, Prechtl HFR, Bos AF, Ferrari F, Cioni G. Prechtl`s method on the qualitative assessment of general movements in preterm, term and young infants. London: Mac Keith Press; 2004.

3. Adde L, Rygg M, Lossius K, Oberg GK, Stoen R. General movement assessment: predicting cerebral palsy in clinical practise. Early Hum Dev. 2007;83(1):13-8.

4. Novak I, Morgan C, Adde L. et al. Early, Accurate Diagnosis and Early Intervention in Cerebral Palsy: Advances in Diagnosis and Treatment. JAMA Pediatr. 2017 Sep 1;171(9):897-907. doi: 10.1001/jamapediatrics.2017.