Stillingsinformasjon

Annonsør: Voss kommune

Søknadsfrist: 23.12 2019

Voss_kommune

To ledige avtaleheimlar for fysioterapeut i Voss kommune

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. 

Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Om arbeidsstaden

Voss kommune har to ledige avtaleheimlar for fysioterapi ved Vangen fysioterapi. Ein avtaleheimel på 50% og ein avtaleheimel på 100%. Vangen fysioterapi har totalt tre avtaleheimlar og er sentralt plassert i Tvildegaard i Vangsgata 31. Lokala er lyse og trivelege og utstyrt for aktiv trening og rehabilitering. Totalt 190m2 fordelt på fire behandlingsrom og treningssal.

Arbeidsoppgåver

  • Drifta eit aktivt fysioterapitilbod til kommunens bebuarar.
  • Allmenn fysioterapi; individuelt og i grupper 
  • Utøva pasientbehandling på institutt og i heimen.
  • Praksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar ved instituttet og i kommunen, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister.
  • Bidra til utviklinga og bidra til å ivareta kommunen sitt behov for fysioterapitenester
  • Aktiv tilnærming til brukarane
  • Heilskapleg tenking i møte med brukarar
  • Rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet
  • Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planer, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
  • Tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenesta
  • Praksis skal drivas i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og annan relevant helselovgivning, og på de vilkår som fremgår av ASA 4313, slik den til enhver tid lyder.

Utdanning/erfaring

  • Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Krav om brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi og aktiv rehabilitering
  • Erfaring frå fysioterapi ved privat praksis er eit ynskje, men ikkje eit krav
  • Kan utføra dei arbeidsoppgåver som er nemnt og jobba kontinuerleg med å auke sin faglege kompetanse gjennom å halde seg fagleg oppdatert.

Personlege eigenskapar

  • Klarer på ein tydeleg og overbevisande måte å formidla engasjement gjennom hele rekrutteringsprosessen.
  • Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil.
  • Har evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
  • Aktiv tilnærming til brukargruppa.
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • God i samarbeid og kommunikasjon.
  • Gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tildeling.

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga

Avgjerslene i ASA 4313 er til ein kvar tid gjeldande.

Søknad

Søk på stillinga her.

Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju.  Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Søknadsfrist: 23.12.2019
Utlyst dato: 21.11.2019
Vårref: 2376/19 IHU

Kontaktpersoner

  • GUNNVOR LINDLAND LOVEN, fysioterapeut, mobil: 91524841, gunnvorloven@gmail.com
  • John Fredrik Sletner, fysioterapeut, mobil: 95262020, john.f.sletner@voss.kommune.no

Hjemmeside:

https://www.voss.kommune.no

Nyheter

Les mer

Fag og vitenskap

Les mer

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten