Stillingsinformasjon

Annonsør: Stord kommune

Søknadsfrist: 01.04 2019

Stord_logo

Fysioterapipraksis (ID 1493)

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Det er ledig fysioterapipraksis frå 01.09.19  med 100 % kommunal driftsavtale. 

Verksemda er godt innarbeidd, er lokalisert til Stord Fysioterapi som er ein gruppepraksis med tre heimlar.

Verksemda må vera med på å  gje eit heilskapleg tilbod til folk i kommunen. Heimelen skal drivast etter gjeldande lovverk, avtaleverk for fysioterapeutar og planar som vert utvikla for Stord kommune.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Fagleg kompetanse, erfaring og interesse innan generell fysioterapi
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Overtaking skal følgja Rammeavtalen ASA 4313.Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hjå noverande eigar Kari Grini kari.grini@sklbb.no tlf 53 41 44 94 / 412 12 176  eller kommunalsjef Knut J. Gram E-post: knut.gram@stord.kommune.no eller tlf. 53 49 66 00 (sentralbord).

Søknadsfrist: 01.04.2019.

Hjemmeside:

https://www.stord.kommune.no