Stillingsinformasjon

Annonsør: Odda kommune

Søknadsfrist: 25.02 2019

Odda_kommune

100% driftstilskot for fysioterapeut

Odda kommune i Hardanger har 7000 innbyggarar. Odda by er regionsenter for indre Hardanger og Folgefonnhalvøya. Her er sjukehus, vidaregåande skule, vital industri, mangfald i næringslivet og godt utbygde kommunale tenester med rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbod av høg klasse.  
Storslått og mektig natur med ikona Trolltunga, Buarbreen og snøsikre skieldorado i Røldal og på Seljestad i spiss.  
Odda er litteraturbyen i spennet mellom Hardangervidda og Folgefonna nasjonalpark, Røldal stavkyrkje og kraftkatedralen i Tyssedal. Vil du og bli med? 

Saksnr.
19/89-2019001274
2019001274

Ved Odda Fysioterapi, Odda kommune, er det ledig 100% driftstilskot for fysioterapeut frå 14.3.2019

Vi søker ein engasjert og fleksibel person med godt humør til kollegiet vårt. 

Odda kommune har 2.5 driftstilskot og 3.7 kommunale fysioterapistillingar. Vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø, samlokalisert med både kommunale og privatpraktiserande terapeutar. I tillegg har tenesta 2 ergoterapeuter, turnuskandidat og tidvis studentar. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • vil vera almenn fysioterapi til vaksne pasientar, 
  • individuelt og i grupper, i og utanfor institutt ma. i pasienten sin heim. 
  • I tillegg vil fysioterapi til born og til pasientar med lettare psykiske lidingar vera arbeidsområder. 

Ein må samarbeide med andre fysioterapeutar om fordeling av pasientar, samt fylgja til ein kvar tid gjeldande prioriteringsnøklar. 

Ein må og delta i kvalitets- og fagutvikling av tenesta og utøva kunnskapsbasert fysioterapi. Arbeidsområder og oppgåver vil kunna variera etter tenesta sine behov. 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Beherska norsk skriftleg og munnleg, med god framstillingsevne
  • Grunnleggjande datakunnskap
  • Fordel med brei kompetanse og erfaring innan almenn fysioterapi
  • Fordel med vidareutdanning og/eller erfaring frå fysioterapi til pasientar med lettare psykiske lidingar.
  • Fordel med vidareutdanning og/eller erfaring med fysioterapi til born 
  • Fordel med erfaring frå grupper
  • Ha gode samarbeids og kommunikasjonsevner
  • Sertifikat, fordel med disponibel bil 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Det vert forutsett at den som får driftstilskuddet vert leigetakar ved Odda Fysioterapi/Odda kommune. Odda kommune stiller krav om bruk av felles journalsystem, pt. Physica. 

Avtaleheimelen er regulert av ASA 4313 slik den til ein kvar tid lyder. Praksis skal drivast ihht. aktuelt lovverk og vilkår som framgår av ASA 4313. 

Det vil verta avkrevd politiattest før tildeling av tilskudd. 

For mer informasjon om stillingen kan en ta kontakt med avdelingsleiar Anne Gro Kambe, Tlf. 53654531/97558575 e-post:anne.gro.kambe@odda.kommune.no 

Velkomen til å søke! 

Søk på stillinga her!

Søknadsfrist: 25.02.19

Hjemmeside:

https://www.odda.kommune.no