Stillingsinformasjon

Søknadsfrist: 18.08 2020

Ledig 50% avtaleheimel for fysioterapi Voss herad

Voss_herad_kommunevåpen_tofarget_svart_typo_RGB_nettside4

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Om arbeidsstaden

Voss herad har ledig 50% avtaleheimel for fysioterapi lokalisert på Hagahaugen. Hagahaugen ligg i rolige omgjevnader ca

2 km utanfor Voss sentrum. Driftstilskotet er lokalisert i samme bygg som dei kommunalt tilsette ergoterapeutane og

fysioterapeutane. Ein del av driftstilskotet er knytt til gruppetrening i basseng. Ny heimelsinnehavar vil avtale leige av

lokale og basseng direkte med Hagahaugen AS. Vederlag for opparbeidet praksis (goodwill) skal utbetalast til avtroppande

fysioterapeut etter gjeldane regelverk i ASA 4313.

 

Arbeidsoppgåver

Drifte eit aktivt fysioterapitilbod til kommunen sine innbyggjarar

Gruppetrening i basseng

Lymfødembehandling

Ved behov, kunne utøve pasientbehandling i heimen til brukar

Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i kommunen, ut frå

gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister

Kunne bidra til utviklinga, og bidra til å ivareta kommunen sitt behov for fysioterapitenester

Aktiv tilnærming til brukarane

Heilskapleg tenking i møte med brukarar

Rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet

Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta

Tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenesta

Praksis skal drivas i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og anna relevant

helselovgivning, og på dei vilkår som framgår av ASA 4313, slik den til ei kvar tid lyder.

 

Ønsket utdanning/erfaring

Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut

Brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi.

Det eit ønske, men ikkje eit krav med erfaring frå bassengtrening og lymfødembehandling

Kan utføra dei arbeidsoppgåver som er nemnd, og jobba kontinuerleg med å auke sin faglege kompetanse gjennom å

halde seg fagleg oppdatert.

 

Personlege eigenskapar:

Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil

Har evne til å arbeide sjølvstendig, og i team

Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid

God i samarbeid og kommunikasjon

Gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt med stor tyding ved tildeling av avtaleheimel.

 

Godkjend politiattest må framleggjas før tiltreding i stillinga.

Avgjerslene i ASA 4313 er til ein kvar tid gjeldande.

 

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.

Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det

gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved

elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje

returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

  

Søknadsfrist   18.08.2020                         Utlyst dato      17.07.2020                     Vårref              2616

 

Kontaktperson

John Fredrik Sletner, Avdelingsleiar for ergo og fysioterapeutane, tlf: 477 18 988

Ingeborg Hellesnes Uppheim, Verksemdsleiar for avdeling for førebygging og rehabilitering, tlf: 417 04 932

Bjørg Anvor Tvilde, Avtroppande fysioterapeut, tlf: 907 34 328

Nyheter

Les mer

Fag og vitenskap

Les mer

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten