Stillingsinformasjon

Annonsør: Gol kommune

Søknadsfrist: 31.12 2018

Gol_kommune

Ledig 50% fysioterapiheimel

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Gol kommune har ledig 50% avtaleheimel for fysioterapeut frå 01.03.19. Heimelen er lokalisert til fysioterapitenesta på Gol helsetun. Der er det 3 fast tilsette fysioterapeutar og 2 som har avtaleheimel. Tenesta brukar for tida Pro Med som datasystem.

Vi søkjer:

  • Fysioterapeut med godkjent autorisasjon

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut 
  • Kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi 
  • Ønskeleg med erfaring frå drift av privatfysioterapipraksis 
  • Ønskeleg med kompetanse og erfaring innan psykomotorisk fysioterapi og minoritetshelse 
  • Erfaring fra samarbeid med annan kommunal helsetjeneste 
  • Erfaring og interesse for å halde gruppetrening 
  • Norskkunnskapar tilsvarende nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkjarar 

Arbeidsoppgåver:

  • Drifte et aktivt fysioterapitilbud til kommunens befolkning 
  • Utøve pasientbehandling i eige lokale, i heimen eller i barnehage og skule.
  • Utøve pasientbehandlig individuelt og i gruppe
  • Bidra til utvikling og optimalisering av fysioterapitenesta i Gol i samsvar til Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale

Vi tilbyr:

  • Lokale med eige kontor/behandlingsrom og treningssal med relevant utstyr til låge kostander
  • God pasienttilgang 
  • Eit godt fagmiljø 
  • Spennande oppgåver i utvikling av kommunens helsetenester 
  • Ønska tiltreding etter avtale 

For heimelen gjeld:

  • Utlysing og tildeling av heimel skjer i samsvar med forvaltningslova
  • Fysioterapeuten kan tilpliktast oppgåver i samsvar med ASA 4313, pkt 4
  • Ein forutset at det blir inngått avtale med nåverande heimelsinnehaver og at oppgåvene blir utøvd i lokala til den kommunale fysioterapitenesta. 
  • Politiattest må leggjast fram

Vi ynskjer :

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å samarbeide med andre 
  • Interesse for kompetansebygging og utvikling
  • Aktiv tilnærming til pasientgruppa
  • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil 
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Må kunne bidra til å skape og oppretthalde et godt arbeidsmiljø  

Anna:

Alle søkjarar blir innkalla til intervju. Det blir lagt stor vekt på å vera personleg egna. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. 

Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Send skriftleg søknad med CV til Gol kommune: postmottak@gol.kommune.no

Søknadsfrist:  31. desember 2018.              

Kontaktpersoner:   

Atle Handeland, fagleiar fysioterapitenesta,  tlf 32029224 eller 47605842

Ingebjørg By Teigen, avd.leiar helse,  tlf 32029118 eller 91348300

Hjemmeside:

http://www.gol.kommune.no