Stillingsinformasjon

Annonsør: Gol kommune

Søknadsfrist: 31.01 2020

Logo_Gol_kommune

Fysioterapeut 80% fast stilling på Gol

Frå 1. mai er det ledig ei 80 % fast stilling som fysioterapeut ved Frisklivssentralen og Fysioterapiavdelinga på Gol.

Frisklivssentralen er ei kommunal helsetjeneste. Målet er å fremje helse og førebygge sjukdom ved å gi tidleg hjelp til å endre levevanar og meistra eigne helseutfordringar.
Frisklivssentralen på Gol vart starta i 2002 og er den eldste Frisklivssentralen i Hallingdal. Den held til på nye Gol idrettsarena, og er ein velfungerande sentral med engasjerte medarbeidarar, per i dag til saman 1,2 stillingar.

Fysioterapiavdelinga i Gol har 3 fast tilsette fysiopterapeutar og 1 ergoterapeut og held til i underetasjen på Helsetunet. Fysioterapitenesta omfattar tiltak for born, vaksne og eldre. Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule eller i brukarens heim.

Arbeidsoppgaver:
* Førebyggande helsearbeid
* Helse-og kartleggingssamtaler
* Halde gruppetrening
* Halde kurs
* Kurativ verksemd

Kvalifikasjonar:
* Fysioterapeut på bachelornivå med norsk autorisasjon
* Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Vi søkjer (personlege eigenskaper):
* Du er fagleg dyktig med evne til å ta sjølvstendig ansvar
* Du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
* Du har gode kommunikasjonsevner med menneske som treng hjelp til å endre levevanar
* Du har gode samarbeidsevner med kollegaer
* Du er fleksibel og løysingsorientert
* Du har førarkort for bil
* Du har gode munnlege språkferdigheiter på fleire språk
* Du har erfaring innanfor førebygging og/eller rehabilitering

Vi tilbyr:
* Fast lønn i 80% stilling
* Eit hyggelig arbeidsmiljø med godt kollegialt samarbeid

Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

SENDE SØKNAD:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Se utlysning på kommunens nettsider.
Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontaktar:
Finn Terje Mansard Bøe, fagleiar Friskliv, mobil 47010583
Ingebjørg By Teigen, avdelingsleiar, mobil: 91348300 Arbeid: 32029118
Atle Handeland, fagleiar fysioterapi, mobil: 47605842

Hjemmeside:

https://www.gol.kommune.no/

Nyheter

Les mer

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten