Stillingsinformasjon

Annonsør: Ulstein kommune

Søknadsfrist: 17.11 2019

Ulstein_logo

Driftstilskot for fysioterapeut

Ulstein kommune har ledig 100% driftstilskot frå 01.01.2020.
Driftsavtala er knytt til Ulstein Fysikalske Institutt DA. Instituttet har totalt 4 driftstilskot. Det er i tillegg ein kommunal og to privatpraktiserande fysioterapeutar i kommunen. Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.

Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriterier som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevner, personleg eignaheit og evne til å drive privat praksis. 

Det er krav om politiattest (ikkje eldre enn tre månader).  

Tidlegare innehavar av driftstilskotet er Hildegunn Utgård, tlf. 48 26 06 20. 

Kvalifikasjonar
  • Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
  • Kompetanse og erfaring i kunnskapsbasert vurdering, behandling og oppfølging av eit bredt spekter av pasientar. 
  • Kompetanse og erfaring innan aktiv habilitering og rehabilitering 
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå privat praksis 
Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på evne til å vere med på å utvikle gode fysioterapitenestar for innbyggjarane i tråd med kommunen sine framtidige behov. 

Vi tilbyr
  • God pasienttilgang.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer.
  • Lokale med eigna treningsutstyr.
  • Romslege kontorlokale, oppkopla mot Norsk Helsenett

Kontaktinformasjon:

Søknadsfrist: 17. november 2019.

Søk på stillingen her.

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Hjemmeside:

https://www.ulstein.kommune.no

Nyheter

Les mer

Fag og vitenskap

Les mer

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten