Stillingsinformasjon

Annonsør: Aukra kommune

Søknadsfrist: 30.04 2019

Fysioterapeut - 100% driftsavtale ledig

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.

Om eininga/avdelinga

Aukra kommune har ledig 100% driftsavtale for fysioteapeut. Kommunen har 2 driftsavtalar for fysioterapeut (200%) og to kommunalt tilsette fysioterapeutar (200%). Fysioterapeutane er lokalisert saman på Aukra helsesenter og har felles venteliste.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein fysioterapeut som i nært samarbeid med kommunen sitt helsepersonell vil bidra til å utvikle ein heilskapleg og målretta fysioterapiteneste for kommunen sine innbyggjarar.  Driftstilskotet skal drivast etter aktuelt lovverk og vilkår som går fram av den til ein kvar tid gjeldande ASA 4313.

Krav til søkar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Brei fagleg kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi til ulike alders- og diagnosegrupper.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Har engasjement for utvikling av fysioterapifaget og arbeidsmiljøet.
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål).

Vi tilbyr

Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.

Kommunen har tilgjengelege lokale på Aukra helsesenter som er lokalisert saman med annan avtalefysioterapeut og kommunalt tilsette fysioterapeutar.

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Det orienterast om at fråtredd fysioterapeut kan krevje overdraging/vederlag jf ASA 4313, punkt 7.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søknadsfrist 30.04.2019
Utlyst dato 08.04.2019
Vårref 583

Kontaktperson

Therese Stokke Viken, Fagleiar/Fysioterapeut, tlf: 71171433, mobil: 90609784, therese.viken@aukra.kommune.no

Roald Borthne, Helsesjef/kommuneoverlege, tlf: 71171400, roald.borthne@aukra.kommune.no

Hjemmeside:

https://www.aukra.kommune.no