Kunnskapsbasert fysioterapi

Kunnskapsbasert fysioterapi - metoder og arbeidsmåter

Av Arild Bjørndal, Gro Jamtvedt, Kåre Birger Hagen

Forlag: Gyldendal Akademisk

Sider: 202

ISBN: 978-82-05-48271-5

Bokanmeldelse

Bokomtale i Fysioterapeuten 2/2016. 

Kunnskapsbasert fysioterapi – viktig tema for alle!

Forfattarane gir her ei god innføring i det å arbeide kunnskapsbasert både for ein nybyrjar og meir vidarekomne innan fysioterapifaget. Forfattarane påpeikar at å arbeide kunnskapsbasert vil for fysioterapeuten innebere å grunna fagutøvinga balansert og systematisk på alle dei tre kunnskapskjeldene innan kunnskapsbasert fysioterapi:  Forskings-, erfarings- og brukarbasert kunnskap.

Vidare gir forfattarane ei inngåande innføring i temaet forsking og forskingsdesign. Såleis er boka lesbar og nyttig både for nybyrjarar og vidarekomne, og ein kan velje ut dei aktuelle kapitla, som kan lesast kvar for seg. Forfattarane brukar eit lettfatteleg språk, og boka er lett å lese.

Boka gir såleis ei god innsikt i kunnskapsbasert fysioterapi, som er aktuelt for alle fysioterapeutar uansett fagområde. Forfattarane visar og både teoretisk og praktisk korleis ein kan komme i gang med å arbeide forskningsbasert. Boka gir ei god innføring i forskningsmetode på fleire nivå, frå nybyrjar til ein skal gjennomføre forskningsprosjekt sjølv. Ei grundig innføring i korleis ein gjennomfører forskingssøk, konkrete søkje-råd, steg for steg, med tips om aktuelle databasar, og ikkje minst kritisk lesing, som er nyttig for alle fysioterapeutar.

Når boktittelen er sett til å vere ei bok om «kunnskapsbasert fysioterapi; metodar og arbeidsmåtar», tykkjer eg at forfattarane her har ei slagside med mest fokus på den eine delen innan det tredelte temaet; altså den forskningsbaserte kunnskapen. Dei skriv og i innleiinga at deira intensjon med boka er å få fleire fysioterapeutar til å fatte interesse for og bruke forsking som ein del av sin praksis. Dei fIeste kapitla her omhandlar også forsking, sjølv om forfattarane i denne nye versjonen av denne boka har eit nyskreve kapittel om brukarmedverknad. Såleis saknar ein større fokus på den erfaringsbaserte og brukarbaserte kunnskapen. Forfattarane startar i kapittel 1 og avluttar boka med alle delane innan kunnskapsbasert fysioterapi, dei fleste kapitla handlar likevel mest om forskingsbasert kunnskap. I neste versjon ynskjer eg meg ei bok som gir alle tre delar innan kunnskapsbasert fysioterapi meir fokus, og som syner oss korleis vi systematisk kan flette dette saman til ein kunnskapsbasert fysioterapipraksis. Men kanskje har fysioterapifaget tidlegare hatt slagside mot erfaringsbasert kunnskap, og treng eit løft på forskingssida?

Boka vert anbefalt som svært nyttig, både som lærebok og innføring for nybyrjar i både kunnskapsbasert fysioterapi, samt i forskingsbasert fysioterapi. I tillegg kan boka nyttast som innføring i  forskingsbasert fysioterapi for meir vidarekomne, også dei som skal i gang med forskingsprosjekt.

Eldri Kolltveit, fysioterapeut, spesialist NFF arbeidshelse, høgskulelektor ved ergoterapeututdanningen, VID vitenskaplege høgskule, avd. Sandnes (tidlegare Diakonhjemmets Høgskole)