Flå
SNART TILBAKE: Fra venstre: avdelingsleiar Live Magnetun, Ragnhild Rauk, Vilde Springgard, Mona Kolbjørnsdatter Sando. Marianne Greftegreff og Live Slettemoen. Foto: Torbjørn Gunhildgard

– Blir godt å koma i gang att

– Det blir godt å koma i gang att. Me håpar også pasientane ser fram til det. Fysioterapeutane ved Ål helsesenter gler seg til å treffe pasientane og koma i gang att med behandlinga, skriver Hallingdølen.

Nyheter

Det lukta vaskemiddel og husvask då Hallingdølen kom inn bakdøra til behandlingslokala til fysioterapitenesta ved Ål helsesenter fyrste arbeidsdagen etter påske. Der var seks kommunale fysioterapeutar i full sving med vaskeklutar og vaskemiddel, høgt og lågt.

Treningssal, behandlingsrom, apparat og utstyr fekk ein omgang med vaskeklutar og såpe. Alt skal vera reint og «koronafritt» når pasientane kjem tilbake.

– Me brukar fyrste dagane til å vaske. Så kan me bruke slutten av veka til å studere bransjestandarden og finne praktiske løysingar, seier avdelingsleiar Live Magnetun.

Ål fysioterapi Fysioterapeut Ragnhild Rauk ved Ål fysikalske gir modellen av ryggsøyla ein omgang med vaskefilla før nyopninga. Foto: Torbjørn Gunhildgard

– Godt å koma i gang

Medan mange tilsette og foreldre i skular og barnehagar er skeptiske til å opne opp, er det ingen motførestellingar blant fysioterapeutane i Ål.

– Det blir godt å koma i gang att, seier fysioterapeut Ragnhild Rauk og gir ryggsøyla til modellen ein omgang med klor og grønsåpe.

Kollegaene som er spreidd rundt i lokalet, nikkar og smiler. Siste månaden har dei jobba i heimetenesta og ser fram til å koma tilbake der dei skal vera.

- Eg håpar pasientane er like ivrige som oss. Dei viste stor forståing då me måtte stenge. Men eg er litt spent på om alle vågar å koma att, seier Magnetun.

Opnar 20. april

Det har gått over ein månad sidan siste pasienten gjekk ut frå behandlingsloka. Då korona-alarmen gjekk 12. mars, vart fysikalske avdelingar utanfor sjukehusa stengt på  grunn av smittefaren.

No er samfunnet så smått i ferd med å koma i gjenge sjølv om unntakstilstanden langt frå er over. Styresmaktene har gitt klarsignal til at barnehagar og småskular kan opne i slutten av månaden. Det same gjeld fysikalske tenester som opnar måndag 20. april.

– Ein til ein-behandling

– Me kan opne for ein-til-ein-behandling. Det blir ikkje gruppebehandling, og behandlingsbassenget blir framleis stengt, seier avdelingsleiar for den kommunale fysioterapitenesta i Ål, Live Magnetun.

Detaljane i smittevernforskriftene er førebels ikkje kjent. Må fysioterapeutane bruke munnbind og smittevernutstyr? Kan dei ha fleire pasientar i same sal dersom det er stor nok avstand? Korleis skal ein vera heilt sikker på at pasientane er koronafrie?

Ål 2 Fysioterapeut Vilde Springgard vaskar styrkeapparatet før nyopninga etter koronastenginga. Foto: Torbjørn Gunhildgard

Ventar på bransjestandard

Dette er spørsmål fysioterapeutane treng svar på før nyopninga fyrstkomande måndag.

- Me ventar på ein bransjestandard som skal koma denne veka. Den vil danne grunnlaget for å innarbeide gode rutinar for smittevern, hygiene og praktiske løysingar. Uansett blir det ikkje så tett med pasientar her som det brukar. På venterommet må me unngå trafikk. Så det blir framleis unntakstilstand sjølv om me kan opne att, seier avdelingsleiar Magnetun.

Vil du lese saken i Hallingdølen? Klikk på lenken her

Nyheter

Les mer

Fag og vitenskap

Les mer

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten

Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten Tidsskriftet redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten