Stillingsinformasjon

Annonsør: Sykkylven kommune

Søknadsfrist: 27.08 2017

Sykkylven_kommune

Psykomotorisk fysioterapeut, 50 % avtaleheimel

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.

Psykomotorisk fysioterapeut, 50 % avtaleheimel

Vi har ledig 50 % avtaleheimel for privatpraktiserande psykomotorisk fysioterapeut frå ca. 1.12. 2017.
Sykkylven kommune har til saman 6,3 avtaleheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar og ei 100 % fast stilling som kommunefysioterapeut.
Den ledige heimelen for psykomotorisk fysioterapi inngår i desse 6,3 avtaleheimlane.
Avtaleheimelen og tildelingsprosessen er regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner og avtaleverk (ASA 4313 og ASA 4303)

Arbeidsstad

Avtaleheimelen er i dag lokalisert i Aure sentrum, i eigne lokale i Hjørnegården.

Det er ønskjeleg at ny fysioterapeut kan overta lokala/leigekontrakta, etter nærare avtale med eigar av bygget og noverande heimelshavar.

Lokala er samlokalisert med tilbod innan kiropraktikk og logopedi.

Arbeidsoppgåver

Privat psykomotorisk fysioterapipraksis i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk for fysioterapeutar, ASA 4313.
Arbeidsoppgåver:
- Psykomotorisk fysioterapi, individuelt og i grupper
- Bidra til å optimalisere helsetenesta i samsvar med samhandlingsreforma, delta i ansvarsgrupper og oppfølging av sjukmelding i samband med NAV/fastlege/arbeidsgjevar
- Bidra til kommunen si folkehelsesatsing med fokus på førebyggande og helsefremjande arbeid
- Bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen

Spesielle krav til stillinga

For avtaleheimelen er det krav om politiattest av ny dato.
Overdragande fysioterapeut vil krevje vederlag for opparbeidd praksis og verdi av inventar og utstyr, jfr. ASA 4313, pkt. 7.1.

Krav til kompetanse

Norsk autorisasjon som fysioterapeut og primært med godkjent vidareutdanning i psykomotorisk fysioterapi og rett til refusjonar frå Helfo.
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Vi søkjer
- deg om er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og som viser initiativ
- deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- det som har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag i privat praksis
- personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

Tildeling av avtaleheimel i samsvar med offentleg avtaleverk, det vil seie til kvar tid gjeldande lover og forskrifter og sentrale avtalar mellom KS og Norske Fysioterapeuters Forbund.

Søknad sendast

Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Dette finner du på www.sykkylven.kommune.no
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 66 66

Alle som søkjer stilling må sende vitnemål og attestar til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eller elektronisk til postmottak@sykkylven.kommune.no

Kontaktperson

Linda Nilsen Hovland, einingsleiar barne- og familietenestene, tlf. 95 24 00 44. e-post: linda.hovland@sykkylven.kommune.no

Søknadsfrist: 27.08.2017.

Hjemmeside:

http://www.sykkylven.kommune