Stillingsinformasjon

Annonsør: Sykkylven kommune

Søknadsfrist: 27.08 2017

Sykkylven_kommune

Avtaleheimel fysioterapeut, 50 %

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.

Avtaleheimel fysioterapeut, 50 %

Vi har ledig 50% avtaleheimel for privatpraktiserande fysioterapeut frå 1.1. 2018.
Sykkylven kommune har til saman 6,3 avtaleheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar og ei 100% fast stilling som kommunefysioterapeut. Den ledige heimelen inngår i desse 6,3 heimlane. Avtaleheimelen og tildelingsprosessen er regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner og avtaleverk (ASA 4313 og 4303)

Arbeidsstad

Den ledige avtaleheimelen er lokalisert i Aure Fysikalske institutt, i Aure sentrum.
Dette instituttet har i tillegg ein 100% avtaleheimel.

Arbeidsoppgåver

Privat fysioterapipraksis i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk for fysioterapeutar i ASA 4313.
Bidra til å optimalisere den kommunale helsetenesta i samsvar med samhandlingsreforma
Bidra til kommunen si folkehelsesatsing med fokus på førebygging og helsefremmande tiltak
Bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen

Spesielle krav til stillinga

For avtaleheimelen er det krav om politiattest av ny dato.
Overdragande fysioterapeut vil krevje vederlag for opparbeidd praksis og verdi av inventar og utstyr, jf. ASA 4313, pkt. 7.1

Krav til kompetanse

Norsk autorisasjon som fysioterapeut og rett til refusjonar frå Helfo.
Det er også ønskjeleg med arbeidserfaring frå privat eller offentleg fysioterapipraksis
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Vi søkjer
- deg om er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og som viser initiativ
- deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- deg som har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag i privat praksis
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Tildeling av avtaleheimel i samsvar med offentleg avtaleverk, det vil seie til kvar tid gjeldande lover og forskrifter og sentrale avtalar mellom KS og Norske Fysioterapeuters Forbund.

Søknad sendast

Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Dette finner du på www.sykkylven.kommune.no
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 66 66

Alle som søkjer stilling må sende vitnemål og attestar, anten gjennom det elektroniske skjemaet eller til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Kontaktperson

Linda Nilsen Hovland, einingsleiar barne- og familietenestene, tlf. 95 24 00 44. e-post: linda.hovland@sykkylven.kommune.no

Søknadsfrist: 27.08.2017.

Hjemmeside:

http://www.sykkylven.kommune.no