Stillingsinformasjon

Annonsør: Kvinnherad kommune

Søknadsfrist: 19.08 2018

Kvinnherad_kommune

Ledige driftsavtalar fysioterapi

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. 

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kvinnherad Kommune har 6 driftsavtalar for fysioterapi, lokalisert i Rosendal og på Husnes. Den kommunale tenesta har 7,7 stillingar for fysioterapeut og 3 stillingar for ergoterapeut.

Omtale av stillinga

Det er ledig 100% driftsavtale for fysioterapeut frå 01.01.2019.

Det er ledig 100% driftsavtale for psykomotorisk fysioterapeut frå 01.01.2019.

Arbeidsoppgåver

  • Gje eit ope fysioterapitilbod til befolkninga i Kvinnherad kommune.
  • Tilby individuell behandling og gruppetrening.
  • Utøve kunnskapsbasert fysioterapi. 
  • Følgje den til ei kvar tid gjeldande prioriteringsnøkkelen og samarbeide med øvrige fysioterapeutar om fordeling av 
  • pasientar.

Kvalifikasjonar og erfaring

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk.
  • Brei fagleg kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi.
  • Erfaring både frå eigen praksis og kommunal helseteneste.
  • Erfaring med behandling i grupper.
  • I driftsavtalen for psykomotorisk fysioterapeut er det ynskje om godkjent spesialistkompetanse i psykomotorisk 
  • fysioterapi.
  • I driftsavtalen for fysioterapeut er det ynskje om vidareutdanning innan muskel/skjelett lidingar, ortopedi og nevrologi.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å jobbe effektivt, systematisk og sjølvstendig.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og sjølvstendig arbeid.
  • Gode lokalar knytt til Rosendalstunet og den kommunale fysio- ergoterapitenesta.
  • Tilgang til treningssal. 
  • Mogelegheit for å være med å vidareutvikla tenesta.
  • Mogelegheit for å knytta seg til "Fysioit Kvinnherad DA" , som gjev rimelegare avgift til NHH og Physica. 

Andre opplysningar

  • Kvinnherad kommune stiller krav om bruk av Journalsystemet Physica.
  • Tildeling av avtaleheimel skjer etter vilkår som går fram av ASA 4313. Praksis skal drivast i hht. til aktuelt lovverk og vilkår som framgår av ASA 4313.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). 

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Søknadsfrist 19.08.2018
Utlyst dato 16.07.2018
Vårref 3283

Kontaktperson

Miann Mari Eylegar, Einingsleiar, tlf: 53 46 16 53, mobil: 913 79 749, miann.mari.eylegar@kvinnherad.kommune.no

Hjemmeside:

http://www.kvinnherad.kommune.no