Stillingsinformasjon

Annonsør: Vinje kommune

Søknadsfrist: 04.05 2018

Vinje_heading

Kommunefysioterapeut 100% fast - ID 1531

Det er ledig 100% fast stilling i Vinje kommune frå 01.08.2018. Stillinga er plassert med sjefsfysioterapeut som næraste leiar. Fysio- ergo avdelinga består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.  

Arbeidsoppgåver er mellom anna: 

  • Habilitering/Rehabilitering i institusjon og heim
  • Førebyggjande arbeid ved helsestasjon, i barnehage og skule 
  • Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen i tråd med samhandlingsreforma
  • Habilitering/Rehabilitering i institusjon og heim
  • Instruktør gruppetrening på dagtid i regi av frisklivssentralen

 Vi søkjer etter deg som har desse kvalifikasjonane: 

  • Har autorisasjon som fysioterapeut  
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg og i team
  • Fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling 
  • Har du erfaring med barn og unge er det ein fordel. 
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt, herunder fagleg engasjement og initiativ, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne 
  • At du ynskjer  å bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Fleksibel og omstillingsdyktig, open for nye arbeidsmetodar for å møte innbyggjaranes framtidige behov

For stillinga gjeld: 

  • Løn etter utdanning og kvalifikasjonar
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Søkjar må ha førarkort og  kunne disponere eigen bil

Ved tilsetjing føreset vi at aktuelle kandidatar er kjende med politiske føringar for framtidas kommunehelseteneste jamfør Samhandlingsreforma og Primærhelsemeldinga. Vi er opptekne av fagleg utvikling og kvalitet i tenestane og legg vekt på di evne til å vere med på å utvikle gode tenestar for innbyggjarane i tråd med kommunens framtidige behov. 

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med sjefsfysioterapeut Elisabet S. Haagensen tlf 40 90 36 66.  I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Vitnemål og attestar må takast med til intervju. Det er krav om politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 mnd).

Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå  www.vinje.kommune.no

Søknadsfrist: 4. mai 2018

Hjemmeside:

http://www.vinje.kommune.no