Stillingsinformasjon

Annonsør: Tokke kommune

Søknadsfrist: 15.08 2018

Tokke_kommune

Driftstilskot for privatpraktiserande fysioterapeut (ar) frå 01.01.19 – Avtaleheimel 1x100%, alternativt 2x60% - ID 579

Tokke kommune lyser ut ledig avtaleheimel med 1x100% (alternativt 2x60%) driftstilskot, for privatpraktiserande fysioterapeut (ar) frå 01.01.2019.

Kommunen søkjer etter autorisera fysioterapeut  med allmenn fysioterapikompetanse, gjerne med tilleggsutdanning innanfor manuellterapi.

Avtaleheimelen er knytt opp til ein gruppepraksis ved Fysio Vital AS på Dalen, saman med fysioterapeut Vidar Vindal, som har 100% kommunalt driftstilskot. 

Praksisen skal drivast i samsvar med lov om kommunale helse og omsorgstenester, og på dei vilkår som går fram av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.

Tildeling av avtaleheimel/driftstilskot vert føreteke av Tokke  kommune i samsvar med ASA 4313 og er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Det vil vere mogeleg å kjøpe seg inn i del av praksisen. Praksisoverdraging avtalas med Tokke kommune og må avtalast i samsvar med ASA 4313.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil verte vektlagde og referansar vil verte nytta. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 

Nærere informasjon om avtaleheimelen kan rettas til avdelingsleder helse Marianne Skriudalen, tlf. 35 07 55 30/95783173.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema på stilling, som ein finn på www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 15. august 2018.

Hjemmeside:

http://www.tokke.kommune.no