Stillingsinformasjon

Annonsør: Skjåk kommune

Søknadsfrist: 29.04 2018

Skjaak_kommune

Vil du jobbe som fysioterapeut i Skjåk kommune?

80 % vikarstilling som kommunefysioterapeut med fagansvar, for tida ved fysioterapitenesta i Skjåk. Stillinga er for tida ei 80 % stilling, men denne kan bli utvida til 100 %. Stillinga er ledig frå 18.6.2018 – 1.6.2019. 

Fysioterapitenesta i Skjåk kommune er lokalisert på kommunehuset i Bismo. Det er tre  årsverk ved tenesta, to kommunale og ein privatpraktiserande fysioterapeut. Fysioterapitenesta ligg under leiar for helsetenester.

Arbeidsområde

Fysioterapitenesta i Skjåk skal utføre og ivareta fysioterapeutiske oppgåver innan helsefremjande og førebyggande helsearbeid, undersøking og behandling av sjukdom og skade, habilitering og rehabilitering. Det er nær samhandling med andre tenester. Det faglege ansvaret i tenesta er lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent fysioterapeut  
  • Førarkort klasse B, og disponere eigen bil
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibilitet i høve til omstillingar 
  • God norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Gode samarbeidsevner
  • Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til leiar Rannveig Brennhaug mobil 974 03 767.

Søknadsfrist 29.4.2018.

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Hjemmeside:

http://www.skjaak.kommune.no