Stillingsinformasjon

Annonsør: Stordal kommune

Søknadsfrist: 08.05 2018

Stordal_kommune

Avtaleheimel fysioterapeut 50%

Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. 

Stillingsomtale
Stordal kommune har ledig 50% avtaleheimel for privatpraktiserande fysioterapeut frå 1.08.2018.
Stordal kommune har til saman 90 % avtaleheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar og ei 50 % fast stilling som kommunefysioterapeut. Den ledige heimelen inngår i desse stillingar.

Avtaleheimelen og tildelingsprosessen er regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner og avtaleverk (ASA 4313 og 4303).

Arbeidsstad
Privatpraktiserande fysioterapiteneste er samlokalisert i Stordal fysikalske institutt (Pedrobygg, Stordal sentrum). 

Arbeidsoppgåver
Privat fysioterapipraksis i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk for fysioterapeutar i ASA 4313.
Bidra til å optimalisere den kommunale helsetenesta i samsvar med samhandlingsreforma.
Bidra til kommunen sin folkehelsesatsing med fokus på førebygging og helsefremmande tiltak.
Bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen.

Spesielle krav til stillinga
For avtaleheimelen er det krav om politiattest av ny dato.
Overdragande fysioterapeut vil krevje vederlag for opparbeidd praksis og verdi av inventar og utstyr, jf ASA 4313, pkt. 7.1.

Krav til kompetanse
Norsk autorisasjon som fysioterapeut og rett til refusjonar frå Helfo.
Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå privat eller offentleg fysioterapipraksis.
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Vi søkjer
- deg som er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og som viser initiativ
- deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- deg som har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag i privat praksis
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr
Tildeling av avtaleheimel i samsvar med offentleg avtaleverk, det vil seie til kvar tid gjeldande lover og forskrifter og sentrale avtalar mellom KS og Norsk Fysioterapeutforbund. 
Søknad vedlagt attestar og vitnemål sendast til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal eller postmottak@stordal.kommune.no.  

Søknadsfrist8. mai 2018.

Kontaktperson
Ingvild Nergård Hattrem
Assisterande rådmann
Stordal kommune
412 68 147/ingvild.hattrem@stordal.kommune.no

Hjemmeside:

http://www.stordal.kommune.no