Stillingsinformasjon

Annonsør: Ørsta kommune

Søknadsfrist: 27.05 2017

Orsta_kommune

Avtaleheimel med 50% driftstilskot ved Ørsta Fysioterapi

Sak: 2017/948. ID: 1083.

Ørsta kommune har ledig avtaleheimel med 50% driftstilskot for privatpraktiserande fysioterapeut frå 01.09.2017, då ein fysioterapeut skal gå av med pensjon. Avtaleheimelen er knytt til gruppepraksis ved Ørsta Fysioterapi, som har til saman fire fysioterapeutar med driftstilskot.

Kommunen søkjer etter autorisert fysioterapeut med kompetanse, helst mastergrad, i hjerte- og lungefysioterapi. Ein må ha erfaring frå privat praksis, og ha allmenn kompetanse innan fysioterapi i privat praksis. Det er ønskjeleg med erfaring frå gruppetrening og pasientundervisning, gjerne AktivA, sidan Ørsta Fysioterapi er ein AktivA-klinikk.

Praksisen skal drivast i samsvar med lov om kommunale helse og omsorgstenester, og på deivilkår som går fram av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.

Tildeling av avtaleheimel/driftstilskot vert føreteke av Ørsta kommune i samsvar med ASA4313 og er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Det vil vere mogeleg å kjøpe seg inn i del av praksisen. Praksisoverdraging er kommunen uvedkomande og må avtalast mellom fråtredande og tiltredande fysioterapeut i samsvar med ASA 4313.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil verte vektlagde og referansar vil verte nytta. Aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Nærare informasjon om avtaleheimelen kan rettast til seksjonsleiar i helse og velferd, Knut Åmås tlf. 700 49 700/902 44 516

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida.

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar sendast som e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Ved intervju/tilsetting skal det leggast fram rettkjend dokumentasjon. Dette dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett avlønning.

Politiattest etter helsepersonellova må leggjast fram ved tilsetting/tildeling.

Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulerte etter tilsetjing.

Søknadsfrist: 27.05.2017

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Hjemmeside:

http://www.orsta.kommune.no